Ekte handverk. Ekte kjensler. Ekte spor.

Det har gått ti år sidan Frida Amundsen sist gav ut eigen musikk, men då ho vart kjent med Sylvsmidja og filosofien bak Spor‑smykka, vakna noko heilt nytt i henne.

Gjennom blankt sølv fann Frida røysta si att. ❤️

– Eg trur aldri eg har vore så nervøs som før denne låten kom ut. Det må ha vore noko av det skumlaste eg har gjort som artist, innrømmer Frida med eit smil som blømer sakte fram og går over i ein smittande latter.

– Det har gått så mange år sidan eg sist gav ut heilt eigen musikk. I tillegg er teksten veldig personleg, utdjupar 32-åringen.

Den nye låten hennar har ikkje berre fått same namn som smykkekolleksjonen Spor frå Sylvsmidja, men er òg inspirert av filosofien som ligg bak smykka: Å stå støtt, vera ærleg og å våga å følga sitt eige spor i livet.

– Låten handlar om å stå i livets stormar utan å la seg knekka. Det er i grunn akkurat slik det føltest å laga han òg, seier Frida.

Musikkvideoen til Spor-låten kan du sjå litt lenger nede i denne saka.

NORSKE SMYKKE

Sylvsmidja er Noregs leiande produsent av bunadsølv og moderne smykke, kjent for høg kvalitet og rike tradisjonar i norsk handverk. Det er gullsmedar hjå den tradisjonsrike bunadsølvprodusenten på Voss som lagar Spor-kolleksjonen.

Sjå Blome-serien

 

Frida sine spor

For å fronta dei ulike smykkeseriane sine lyfter Sylvsmidja fram kvinner som går eigne vegar i livet, og som på ulikt vis inspirerer andre. Slik som artist og låtskrivar Frida frå Vaksdal i Vestland.

– Eg kjenner meg sånn igjen i det dei ynskjer å formidla med desse smykka. Det handlar om livsspor, ja om å vera sterk sjølv når ein føler seg sårbar, seier ho.

Også i fjor fronta Frida ein smykkeserie for Sylvsmidja. I den samanheng fekk ho besøka verkstaden på Voss for sjølv å sjå korleis smykka vert laga.

Møtet med smykka sette varige spor hjå henne.

– Desse smykka er ikkje berre utruleg vakre å sjå på. Dei har også ei djupare meining. Dei symboliserer styrke og mot til å velja sin eigen veg, seier ho.

Frida klarte ikkje sleppa tanken på filosofien bak Spor-smykka. Tankane vart liggjande og modna for så å dukka opp att i låtskrivinga.

– Eg visste at om eg skulle koma tilbake med ny musikk, så måtte det vera ekte. Spor-låten vart forma av tankar eg bar på, og det fyrste samarbeidet eg hadde med Sylvsmidja var heilt avgjerande for at eg no har gitt ut ny musikk.

Sjå alle smykke i Spor 

Magisk smykkekunst

Heile Spor-kolleksjonen vert til i vestlandsbygda Voss.

– Fyrst då eg møtte gullsmedane som lagar smykka, forstod eg kor detaljert handverk og dedikasjon som ligg bak kvar minste del, fortel Frida vidare.

Ho seier at ho ikkje hadde sett for seg kor omfattande prosessen er, og at det gjorde inntrykk på henne å sjå kor mange hender som er involverte.

– Det var heilt magisk å sjå korleis gullsmedane jobbar. Dette er ekte handverkskunst, akkurat som musikk.

-Frida Amundsen, artist og spor-kvinne

Naturen sitt smykkeskrin

– Naturen er i konstant endring og overraskar meg alltid med noko nytt, seier Anne Lise Tollefsen, som designar Spor-smykka.

Det er dei ørsmå detaljane ho legg merke til utandørs som gir smykka det unike uttrykket.

Den nye Blome-serien er inspirert av Noregs nasjonalblom, den viljesterke bergfrua. Dette er ei lita, stolt plante som mellom anna veks i fuktige sprekker og på skuggefulle berg og urer. Altså plassar der få andre blomar trivst.

– Bergfrua er både vakker og sterk. Det ville eg skulle koma til uttrykk i designet, fortel Anne Lise, som nok ein gong har fanga formene frå naturen sitt eige smykkeskrin og gitt dei evig liv.

Blome-serien er laga av resirkulert 925 sølv. Den har eit særprega uttrykk som er lett og harmonisk, men med kraftfulle linjer som speglar styrken i bergfrua.

– Spor-smykka kan lett kombinerast og setjast saman etter eige ynskje. Slik passar dei like godt til kvardags som til fest.

- ANNE LISE TOLLEFSEN SMYKKEDESIGNAR

Nær og sann tekst

Ved å velja eit liv som artist og låtskrivar, har Frida Amundsen valt å gå ein litt smalare sti enn folk flest. Det krev ein heilt spesiell form for sjølvtillit.

Den nye låten hennar handlar om å stå i stormane, tvilen og dei mange spørsmåla ein møter gjennom livet. Rett og slett å stå i det.

– Låten er ein slags hyllest til alle som held ut, sjølv når det svingar og ein kjenner seg liten. For kvart steg du tar, lagar du dine eigne spor.

Den nye musikken hennar har meir driv enn tidlegare, men teksten er like ærleg.

– Det er pop, men det er pop med meining. Eg har alltid vore oppteken av melodiar som sit, men eg vil også seia noko. Vera nær, vera sann, seier Frida.

Sjå musikkvideoen til låten Spor av Frida Amundsen:

Tilbake til røtene, med nye draumar

Etter fleire år i Oslo og utlandet, flytta Frida for nokre år sidan tilbake til barndomsbygda Vaksdal. Der, mellom fjord og fjell, bur ho og ektemannen i det gamle huset etter besteforeldra hennar.

– Her i denne vesle bygda finn eg roa eg treng for å laga ny musikk. Det kjennest som å koma heim, både fysisk og kreativt, seier ho.

No jobbar Frida med eit nytt album. Ho gler seg til å visa fleire sider av seg sjølv.

– Nokre av dei nye låtane er meir feelgood, med meir tempo enn eg har gjort før. Det er eit frigjerande steg for meg.

Ho håpar både låten Spor og smykkekolleksjonen Spor kan inspirera andre til å følgja si eiga stemme:

– Me har alle våre sår og tvil, men det viktigaste er å halda fram. Det vert vakre, unike spor av slikt.