
Spor smykkeserie Blome
Ho blømer der andre vaklar – den viljesterke bergfrua. Nasjonalblomen vår, som finn feste i karrige fjell. Hardfør og motstandsdyktig. Det er ho som har inspirert Blome – den nye smykkeserien i Spor, for kvinna som ber styrken sin med ynde.


Små påminningar om styrke
Smykka er teikna av Anne Lise Tollefsen og foredla til tidlause smykke av dei dyktige gullsmedane i Sylvsmidja.
Serien er laga i resirkulert 925 sølv og har eit særprega uttrykk – lett og harmonisk, men med ei kraft i linjene som speglar styrken i bergfrua.
– Bergfrua har mange små, kvite blomar, tett i tett på stilken. Det inspirerte meg til å jobba med former og detaljar som gir liv til smykka. Ho er både vakker og sterk, det ville eg skulle koma til uttrykk i designet, fortel Anne Lise.
Foto: C T Johansson, CC BY-SA 3.0 via Wikimedia Commons
Blome-serien består av halssmykke, øyrepynt, ring og armband – smykke som ber med seg noko varig, nært og ekte. Små påminningar om at me kvinner står støtt. Sterk og motstandsdyktig. Som bergfrua.
Bli kjend med spor
Moderne smykke inspirert av norsk natur, designa av Anne Lise Tollefsen.
Spor-kolleksjonen består av fem unike seriar som du kan setja saman slik det passar deg. Frå det reine og sofistikerte til eit meir leikent uttrykk.