Spor: Knopp smykkeserie

Dropane som speglar morgonsola, håpefulle knoppar som ber løfta om nytt liv. Knopp-serien i smykkekolleksjonen Spor skil seg ut med kraft og karakter, inspirert av ørsmå detaljar og spor i naturen.

Vakre blikkfang

Smykka i Knopp-serien er vakre blikkfang som blenkjer i lyset. Nokre er inspirerte av små, perleforma knoppar, tett i tett symmetrisk eller organisk på øyredobbar, ringar og anheng. Andre har meir naturalistiske former som ein epleknopp, like før og etter at den opnar seg 🌸

Sjå alle Knopp-smykka i Sporkolleksjonen

Store sølvkuler forma av små knoppar tett i tett kjenneteiknar dei nyaste tilskota i serien.

Fun fact: Dei karakteristiske sølvkulene i serien er inspirerte av blomsterskjermane til vossakvann, ein kulturplante som har vakse vilt på Voss i generasjonar.

Eksklusive Fairtrade perlesmykke

Knopp-serien introduserer fleire vakre perlesmykke og armband med Fairtrade-sertifiserte perler. Dei varierer i både farge og glans slik at kvart smykke får sitt eige særpreg.

Knopp perlekjede

Duse pastelltonar, nøye utvalde edelsteinar og blanke sølvkuler gir dette smykket eit uttrykk som blir lagt merke til.

Kjøp her

Føretrekk du gull?

Du finn også fleire favorittar i eksklusivt gull i denne serien nedanfor. Sølv framhevar det lette og friske, medan gull tilfører ei mjuk glød som løfter dei små detaljane.

Komplett utval av gullsmykke i Spor finn du her.

Ringar

Nokre av ringane i Knopp-serien har vore med heilt sidan starten, og har blitt ekte signaturar i Sporkolleksjonen. I dag er dei blant bestseljarane våre, tidlause favorittar som me lagar i gull samt kvitt og oksidert sølv.

Øredobber

Øredobbene i serien har det same tidlause uttrykket, og er enkle å styla både til kvardag og fest. Her også finn du klassiske favorittar i blenkjande kvitt eller oksidert sølv – og gull.

Sporkolleksjonen består av fleire andre serier også, som alle er inspirerte av den norske naturen. Sjå BlomeLavBlad og Hav.

Sjå heile Sporkolleksjonen

Hardangerbonden set spor med smykkelansering

Ingrid er tiande generasjon som slår bratte bakkar, steller epletre og haustar frukt på heimgarden Sekse i Hardanger. Ho har også vore med på lanseringa av ein epleknopp som varer evig. Ein knopp som aldri blømer. Ein av sølv.

Les meir om Hardangerbonden