Spor: Blad smykkeserie

Formene i smykka i Blad-serien spenner frå det abstrakte og enkle til det detaljerte og naturalistiske.

Sjå alle smykka i Blad-serien her

Dei runde lauva har naturinspirert tekstur der glattpolerte flater møter organiske detaljar. I det naturalistiske bjørkebladet kan du sjå, akkurat som når du held eit bjørkeblad opp mot lyset, dei vevre organiske linjene spegle seg. Bladvev hentar inspirasjon frå det perfekte uperfekte i naturen med perforerte detaljar. 

I Blad-serien er det skapt smykke som kan brukast på ulikt vis, der abstrakte og naturalistiske bladformer dannar ein harmonisk heilskap.

Sjå også seriane Bark, Blome, Lav, Knopp, og Hav.

Bladvev introduserer smykke i antikkforgylt sølv. Den gylne fargen gir ein naturleg varm glød til uttrykket.