Frå furubark til blenkjande sølv
– Lukk augo og sjå for deg ein eviggrøn barskog. Lukta av furunål og mjuk skogbotn under føtene. Kjenn den grove barken under fingertuppane.
– Mønsteret du ser når du går tett på, det ujamne og rå, er det som har inspirert meg til å designa Bark-serien, fortel designar Anne Lise Tollefsen.
Sjå alle smykka frå Bark-serien her
Lag på lag ligg barken stødig rundt stamma og vernar treet. Linjene er aldri heilt like, og overflata aldri perfekt.
Desse ujamne flaka, forma over tid av naturen sjølv, finn du att i Bark-serien.
Den består av små og store øredobber, halssmykke, ringar og armbånd, alle laga i resirkulert 925-sølv hjå Sylvsmidja på Voss.
I Bark ligg det eit lite nikk til styrken i det som held stand gjennom vêr og vind.
– Eg synest det er spesielt fint med smykke som betyr noko, seier Anne Lise.
Kanskje kan ein ring eller eit smykke rundt halsen minna deg om eit val som kravde mot, eller noko du er stolt av å ha gjort. Eller kanskje du ser eit smykke og tenkjer: «Oj, så fint! Dette passar akkurat meg!»
Kva du fell for, og kva smykket etter kvart vil bety for deg, er det berre du som veit. ❤️
Finn favorittsmykket ditt her
Anne Lise Tollefsen – designaren med blikk for dei små detaljane
Allereie som 20-åring opna Anne Lise Tollefsen (f. 1965) atelierbutikken Boulevard i Bergen. Sidan har ho skapt elegante brudekjolar og sceneantrekk for ei rekkje kvinnelege artistar. Ho har òg vore oppgåveansvarleg i NRK-serien Symesterskapet og designa oppgåver og mønster til alle sesongane.
Som designar av Spor utviklar ho smykka saman med dei erfarne gullsmedane hjå Sylvsmidja på Voss. Ho går gjerne tett på for å finna inspirasjon, og i naturen finn ho former og forteljingar om håp, vekst og livskraft: frå små knoppar som ber løfte om nytt liv, til hardføre vekstar på karrige fjell og mjuke rørsler under havflata.
Bli kjent med Spor
Stilen hennar balanserer subtilt mellom design og kunst, og ho har ei spesiell evne til å spela på kontrastar. Det er nettopp denne signaturen Spor ber preg av.