
Bli kjend med Spor
Smykkekolleksjonen SPOR har eit moderne uttrykk inspirert av norsk natur. SPOR består av fire ulike seriar som du kan setja saman på din eigen måte. Frå det enkle og sofistikerte, til eit meir leikent uttrykk.

Stråler frå morgonsol som treff dogg på bjørkelauv. Sirklane som spreier seg på skogstjern når fisk vaker. Vind som leikar med greiner og glitrande vassdropar som små perler på ein blom. Det er slike ørsmå detaljar og spor frå naturen som har skapt det unike uttrykket i den norske smykkekolleksjonen Spor.
Sporkolleksjonen blir laga av Sylvsmidja på Voss og er designa av Anne Lise Tollefsen frå Bergen. Ho jobbar intuitivt på jakt etter noko særeige. Stilen hennar balanserer subtilt mellom design og kunst, og ho har ei spesiell evne til å spela på kontrastar. Og det er nettopp denne signaturen Spor nå ber preg av.

Anne Lise Tollefsens idear er vidareførte av dei erfarne gullsmedane hos Sylvsmidja, leiande produsent av bunadsølv i Noreg. Heile smykkekolleksjonen vert smidd i verkstaden på Voss. Det er her utviklinga har blitt til slik at norskdesigna ringar, øredobbar, armband og kjeder i gull og sølv kan lagast med ekte handverkskvalitet.


Spor-kolleksjonen består til no av fire ulike seriar: Lav, Knopp, Blad og Hav som kjem i 925 sølv i kvite, oksiderte og antikkforgylte utgåver. Nokre smykke vert også laga i 14 karat gull (585) og det kjem stadig nye produkt i seriane. Noko av det unike med Spor-smykka er at det er lett å setja saman og miksa ulike seriar. Akkurat som naturen set sine særeigne spor full av kontrastar, fargar og liv kan du kombinera smykka for å skapa ditt heilt eige uttrykk.