Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Er det mogleg å få blankt sølv utan å pussa?

Er det mogleg å få blankt sølv utan å pussa?

Finst det ei løysing når tida ikkje strekk til, og du innser i siste liten at bunadsølvet burde hatt ein omgang med pussekluten?

Stikkordet er sølvdypp, flytande sølvrens som du kan få tak i hjå gullsmedbutikkar og fargehandlarar. Dypp sølvet ditt i blandinga, og før du har sunge ferdig fyrste linja på «Ja, vi elsker», er bunadsølvet ditt blitt skinnande blankt.

Treng du bunadsølv? Finn det som passar til bunaden her.

 

Sjå videoen nedst der Harald Horvei, reparatør i Sylvsmidja, viser kva som skjer med forgylt bunadsølv etter berre nokre få sekundar oppi sølvrens.

 

Ver varsam

Ja, det er mogleg å få blankt sølv utan pussing og gnikking, men ver veldig varsam. Før du brukar sølvdypp må du sjå kva farge du har på sølvet. I verste fall kan det nemleg gjera meir skade enn gagn.

Kvitt og forgylt sølv kan dyppast i flytande sølvrens. Det skal ikkje bade oppi, men kun dyppast i nokre få sekundar. Her er det viktig at du følgjer instruksjonen på flaska nøye. Snakk med ein gullsmed om du er i tvil. Skyl godt med lunka vatn og tørk forsiktig med ein mjuk klut eller ein handduk.

Oksidert sølv har mørke parti som kan forsvinna eller verta lysare dersom du dyppar det for lenge ned i sølvdypp. Du kan gjerne bruka ein pusseklut slik at du får glansen tilbake på "toppane" medan mønsteret forblir mørkt. Det same gjeld dersom du har gamalforgylt sølv.

- Sølvrens tek vekk den naturlege misfaringa som kjem over tid. Den store feilen som mange gjer er å la sølvet ligga for lenge oppi. Då kan det etterkvart mista glansen og bli grågult. Forgylt bunadsølv kan i verste fall mista forgyllinga, men skulle dette skje, er det fullt mogleg å forgylla på nytt, kan Horvei forsikra oss.

 

Eit anna og sikrare alternativ er å bruka blandinga: lunka vatn, litt Zalo og salmiakk. Her kan du lesa meir om den enkle framgangsmåten.

 

Tabbane du bør unngå

- Ikkje ha sølvet for lenge oppi sølvdypp. Det kan føra til at heile sølvet lysnar og dei naturlege, mørke delane forsvinn.

- Ikkje bruk sølvdypp for ofte. Det vil virka mot sin hensikt og føra til at glansen på sølvet forsvinn og blir grågult. Forgylt bunadsølv kan i verste fall mista forgyllinga.

- Ikkje få sølvrens på bunaden medan du pussar. Det inneheld kjemikalier som kan øydelegga stoffet på bunaden. Bruk til dømes eit pussebrett når du skal pussa knappane.

- Ikkje bruk sølvpuss med slipemiddel. I verste fall kan du laga riper på sølvet og slipa vekk forgyllinga. 

- Aldri ha gummistrikk i nærleiken av bunadsølvet. Det inneheld nemleg svovel som gjer at sølvet oksiderer og får stygge flekkar.

 

Etter nokre år kan det vera behov for å gå grundigare til verks. Besøk næraste gullsmedbutikk, dei har fagkunnskap og kan hjelpa deg med både pussing og reparasjonar.