Her er bunadstilbehøret alle vil ha

Det er ofte dei små detaljane som gjer den største forskjellen. Rett tilbehøyr kan løfta bunaden, framheva bunadsølvet og gi antrekket eit personleg preg. Fleire og fleire vel å komplettera bunaden med vakre detaljar som både tek vare på tradisjonane og skapar eit gjennomført uttrykk.

Hårpynt

Hårpynt i sølv har blitt ein favoritt til bunaden. Hårnåler, hårstikk, hårspenner og hårklyper gjer det enkelt å skapa ein gjennomført bunadsfrisyre, enten håret er sett opp, fletta eller berast laust.

Sjå komplett utval av hårpynt

Skjerfring 

Dei siste åra har det blitt populært å pynta opp bunaden med silkeskjerf. Med ein skjerfring held du skjerfet fint på plass utan å knyta det. Skjerfringen i sølv gir eit reint og elegant uttrykk, samtidig som den framhevar mønster og fargar i skjerfet.

Sjå komplett utval av skjerfringar

Bunadsring

Bunadsringen har blitt eit populært tilbehøyr til bunaden. Med tradisjonelle mønster og vakre detaljar er ringen eit elegant tilbehøyr som kompletterer bunaden. Eit lite smykke som gjer mykje av seg.

Sjå komplett utval av bunadsringar

Bunads­kniv

Bunadskniven er eit tradisjonsrikt tilbehøyr som passar både dame- og herrebunad. Enten du ser etter ein enkel og klassisk modell i tinn eller ein kniv med ekstra forseggjorde detaljar i sølv, finn du variantar som kompletterer bunaden på ein flott måte. Alle bunadsknivane blir leverte med skinnslire, og fleire modellar kan graverast for å gjera den ekstra personleg.

Sjå komplett utval av bunadsknivar

Klokker

Ei klokke med klokkekjede til dame og herre er tidlaust tilbehøyr som gir bunaden eit ekstra elegant preg. Dei vakre detaljane passar like godt til bunad som til dress og kan bli eit kjært arvestykke som varer i generasjonar.

Sjå komplett utval av klokker og klokkekjeder

Øredobber

Øredobber i sølv er eit populært tilbehøyr til bunaden. Med inspirasjon frå tradisjonelle søljer og bunadsølv gir dei antrekket eit elegant løft, og kan brukast både til festdrakt, bunad og andre høgtidelege anledningar.

Sjå komplett utval av øredobber i sølv

17. mai-sløyfer med sølvnål 

17. mai-sløyfer med norske fargar og sølvdetaljar set eit høgtideleg preg på antrekket. Dei passar like godt til bunad som til kjole og dress, og er eit vakkert innslag på nasjonaldagen.

Sjå komplett utval av 17. mai-sløyfer