Bunads­knivar

Bunadskniven har ein sterk plass i norsk tradisjon og er eit staseleg tilbehøyr til både dame- og herrebunad. Her finn du eit stort utval i alle prisklassar – frå tidlause og enkle modellar til knivar med tradisjonsrikt handverk. Alle bunadsknivane kjem med skinnslire. Mange kan graverast for eit personleg preg. Perfekt som gåve og som eit minne for livet.

Veit du forresten korleis bunadskniven skal festast til bunaden eller kva side den skal vera på?
I denne artikkelen får du alle svara på nettopp det.

Handverk frå Voss – bunadsølv med livstidsgaranti.

Hos Sylvsmidja får du bunadskniv til både herre og dame. Heilt sidan jernalderen, då menneska lærde seg smikunsten, har kniven vore ein uunverleg følgjesven, uansett kvar ein gjekk. Og slik vart kvardagskniven på beltet ein heilt naturleg del av klesdrakta.

Finare knivar vart tekne i bruk ved spesielle anledningar og gjekk gjerne i arv frå far til son.
Her kan du sjå utvalet av våre bunadsknivar til herre.

Og sjølvsagt kan også damer ha bunadskniv. Etter gamle drakttradisjonar var det faktisk ikkje uvanleg at også damene hadde ein liten kniv som tilbehøyr. Blant anna vart kniven brukt som spisereiskap ved gjestebod. 
Her kan du sjå utvalet av våre bunadsknivar til dame.

Bli Sylvsmidja-ven og få eksklusive medlemsfordelar samt tips, råd og inspirasjon på e-post frå oss.