Nyheiter til herre

Oppdag nyheitene våre til herre! Tre nye ringar og flott pynt til klokkekjede kombinerer tradisjonelt handverk med eit moderne uttrykk. Sølv som passar til både bunad, dress og kvardag.

Sjå ringar  Sjå klokkekjedepynt

Bark 

­Flakete lag. Djupe sprekker. Eit mønster forma av naturen sjølv.

No er Bark her: ein ny smykkeserie inspirert av den karakterfulle furubarken. Designa og laga i Noreg.

Les meir

Nyheit: Bunadsnøklar 

No lanserer me nye bunadsnøklar – smykke med røter i den tradisjonelle stabbursnøkkelen og symbol på nye kapittel i livet.

Les meir her

Sagastad vikingsmykke

Smykke til han og ho – med kraftfulle design og symbolrike detaljar knyter du band til norrøn tid og ber historia vidare.

Gå til Sagastad smykkekolleksjon

Møt den nye Sporkvinna vår: Tone Rønning Vike

Nokre menneske inspirerer oss litt ekstra. Tone er ei av dei.

Ho bytta ut ein lang journalistkarriere for å fylgja draumen om å skapa noko eige inst i Aurlandsfjorden. I dag driv ho 29|2 Aurland, med naturen, tradisjonane og det ekte handverket tett på.

Bli kjent med Tone

Blenkjande handverk sidan 1940

Sylvsmidja er tufta på lange handverkstradisjonar.

 

LES OM VERKSTADEN PÅ VOSS

Bli Sylvsmidja-ven

Motta tips og råd om bunadsølv og
andre smykke.