Sporkvinne: Her skulle ho aldri bu. No har Tone sett varige spor

Somme stader vel deg, same kor mykje du prøver å stå imot. For Tone Rønning Vike var Aurland ein slik stad. Her bytte ho ut journalistkarriera med ein gründerdraum om å leva av rein luft og kjærleik.

– Fyrste gong eg kom hit, tenkte eg at her skal eg aldri bu.

Tone Rønning Vike lèt blikket sveipa over Aurland. Sola leikar med fjelltoppane, men nede har skuggen teke over.

– Midtvinters kjem ikkje sola ned hit i det heile teke. Men når våren kjem med brølande fossefall, lys og frukttre som blømer, gløymer eg den kalde, mørke tida.

Tone har funne roen i skuggedalen inst i Aurlandsfjorden. Der driv ho boutiquehotellet 29|2 Aurland og frontar smykke for Sylvsmidja.

Frå deadlines til skuggedal

Trønderen Tone har nærmare tjue års fartstid som journalist i riksdekkjande aviser, og skreiv magasinsaker om folk som skapte spennande ting på bygdene. Etter kvart vaks lengselen etter å skapa noko sjølv.

– Eg ville starta med økoturisme for å visa at det går an å leva av rein luft og kjærleik, seier Tone med ei overbevisande kraft i stemma.

Ho visste at mange ville tvila.

– Det går jo eigentleg ikkje an å leva av luft og kjærleik, eg veit jo det. Men eg føler at eg har motbevist det, sjølv om det har kosta.

Ny Spor-kvinne

Smykkekolleksjonen Spor vert fronta av kvinner som har valt å gå sine eigne vegar. Kvinner som på ulikt vis inspirerer og gjerne tek litt utradisjonelle val i livet.

No føyer Tone seg inn i rekka.

– Det er ei stor ære å få vera Spor-kvinne! Viss eg kan inspirera andre til også å tørra å gå for gründerdraumen, så er jo det utruleg stas, synest ho.

Då Tone var på besøk i verkstaden, fekk ho fylgja heile prosessen frå skisse til ferdig smykke. Her såg ho kor mange ledd kvart einaste smykke er gjennom før det er klart til å blenkja på ein kropp.

– For eit omfattande arbeid! Eg er så imponert over det dei lokale handverkarane får til. Og det er jo så kult at alt vert laga på Voss. Det er så viktig å halda liv i bygdene, seier ho.

Skapar liv på bygda

Draumen om økoturisme vart oppfylt for Tone, og på tolvte året driv ho no 29|2 Aurland, eit lite boutiquehotell midt i UNESCO-verdsarvområdet.

– Eg vart så fascinert av det vakre fjordlandskapet, som med god grunn står på verdsarvlista.

– Det går absolutt an å leva lukkeleg som liten og setja spor, i eit reiseliv som oftast er oppteke av volum.

Det vesle boutiquehotellet 29|2 Aurland ligg midt i UNESCO-verdsarvområdet, med gamle og nye bygningar side om side.

Estetikk og etikk hand i hand

Tone og den dåverande ektefellen hennar gav nytt liv til garden som hadde vore i familien hans i fleire hundre år. Men med tid og tolmod vart dei gamle bygningane forvandla til det unike gardshotellet det er i dag.

Gjenbruksfunn står side om side med moderne design, medan gamle, tradisjonelle fargar møter ny og spennande arkitektur.

– Kanskje kan eit gammalt åkle bli ei passande gardin eller ein stilig veggpynt? Eg ser berre moglegheiter, fortel Tone ivrig.

For henne går estetikk og etikk hand i hand.

– Folk som har sans for estetikk, har også ofte etikken i botn når det gjeld å ta berekraftige og gode val, seier Tone.

Tone har teke i eit tak med det meste sjølv på garden, frå restaurering av dei gamle husa til den daglege drifta.

Spor av naturen

På same måte som Spor-smykka er inspirert av naturen, finn også Tone inspirasjon utandørs. Ho ser mønster overalt; frå detaljar ved frukttrea rundt hotellet til små augneblink på vegen der ho viser fram norske fossar til ei utanlandsk turgruppe.

– Grunnmønstra i naturen finn me att i kroppen vår. Eg synest mønstra i naturen er utruleg fascinerande, seier ho.

Det er nettopp denne koplinga Bark-serien utforskar. Spor-designar Anne Lise Tollefsen deler fascinasjonen for formene i naturen.

– Naturen er i konstant endring og overraskar meg alltid med noko nytt. Barken fortel historia til treet, kvart mønster ber spor av vind, vêr og tid.

Anne Lise Tollefsen, Spor-designar

Anne Lise har late seg inspirera av furutreet under jobbinga med den nye Bark-serien, den nyaste serien i Spor-kolleksjonen.

Les meir om Bark-serien

 

– Eg er her enno

Akkurat som på garden inst i Aurlandsfjorden, handlar også Spor-smykka om å ta vare på det tradisjonsrike, men i ei moderne form. Tone har funne sin plass i skuggedalen, og sett spor som vil vara.

– Eg er jo utruleg stolt over det me har fått til her inne. Tre av fem gründerar gir seg innan fem år. Det har kosta, men eg er her enno.