Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Huskeliste til konfirmasjon

Huskeliste til konfirmasjon

Skal du arrangera konfirmasjon? Nedst på sida kan du lasta ned komplett huskeliste til konfirmasjonen, slik at du ikkje gløymer noko til den store dagen.

  • Start tidleg

Begynn planlegginga tidleg slik at du har god tid og du slepp å stressa. La konfirmanten ta del i planlegginga og høyr korleis han/ho ynskjer å feira dagen, og bruk gjerne huskelista nedst på sida som utgangspunkt.

  • Antrekk

Kva skal konfirmanten ha på seg? Mange konfirmantar får bunad til den store dagen, og jenter spesielt brukar den gjerne. For gutane er det mest vanleg med dress, men bunaden vert stadig meir populær, også hjå dei.

Med bunad bør du starta prosessen i god tid, gjerne eitt år i førevegen, anten det er snakk om å få sydd ein ny bunad eller tilpassa ein som han/ho skal arva. Det same gjeld om de tenkjer å leiga.

Hugs også på antrekka til dei andre i familien (foreldre og søsken).

Sørg for at bunadsølvet – søljer, spenner, mansjettknappar og anna som høyrer bunaden til - er komplett. Besøk næraste forhandlar eller kjøp det du treng direkte frå nettbutikken til Sylvsmidja. 

Dersom bunadsølvet treng oppussing er det lurt å levera det til gullsmeden i god tid slik at du unngår «rushen» når konfirmasjonstida nærmar seg.

 

Les også: PUSSE BUNADSØLV PÅ 1-2-3

 

  • Gjesteliste og invitasjon

Lag ei liste over gjestene de ynskjer å invitera. Nokon inviterer berre den næraste familien - besteforeldre, tanter, onklar, søskenbarn og fadrar, medan andre inviterer også nære venner.

Skriv og send ut invitasjonar 1-2 månader i førevegen. Kanskje du kan laga invitasjonane sjølv?

 

  • Lokale – Borte bra, heima best?

Om de skal ha festen heima eller leiga festlokale kjem vel an på kor mange de blir og kor stor plass de har. Du kan spara mykje pengar ved å ha festen heima. Dersom de skal leiga er det lurt å vera ute i god tid, spesielt om det er eit populært festlokale. Høyr eventuelt med familie og vener – kanskje nokon kjenner til eit perfekt lokale som "ingen" veit om!

Uansett kor du skal ha festen - Pass på at du har nok servise, bord og stolar til alle gjestene.

 

  • Mat og borddekking

Planlegg festmenyen og bestill eventuelt catering om du ikkje har tenkt å laga maten sjølv. Trerettars middag eller kaldtbord er veldig populært. Kvifor ikkje spørja ei god venninne om hjelp på kjøkkenet eller til servering?

Sjå på bordplasseringa og lag ein bordplan. Tradisjonelt pleier konfirmanten å sitta mellom foreldra eller eventuelt mellom ein av foreldra og ein fadder.

Lag eller kjøp bordkort.

Og så var det kakene. Mange er redde for å ha for lite kaker, men som regel vert det meir enn nok. Kransekake er vanleg ved høgtidelege anledningar. Du har sikkert slekt og venner som meir enn gjerne vil baka ei kake om du spør, og då er det smart å spesifisera kva type kaker du ynskjer slik at ikkje alle bakar den same.

Bestill friske blomar, kjøp serviettar, dukar, lys og anna bordpynt.

 

Finn bunadsølv her

 

  • Talar & song

Tradisjonen tru er det vanleg med ein liten velkomsttale samt ein tale til konfirmanten av mor eller far. Fadrar, tanter/onklar, besteforeldre og andre kan også halda tale om dei ynskjer. Kanskje konfirmanten sjølv også vil halda ein?

Alternativt, eller i tillegg, kan ein laga eit songhefte med bilete og songar til konfirmanten.

 

  • Foto & video

Ikkje gløym å ta konfirmasjonsbilete til takkekorta! Bestill time hos fotograf eller tenk ut på førehand kor du vil ta bileta dersom du vil ta dei sjølv. Kanskje du har ein hobbyfotograf i familien?

Det er uansett kjekt å ha fleire bilete og film frå den store dagen. Sørg for å ha eit tomt minnekort og at batteria på foto- og videokamera er 100% opplada.

Så er det berre å gleda seg til den store konfirmasjonsdagen og nyta den saman med konfirmanten, familie og venner. Lykke til!

 

Last ned komplett sjekkliste til konfirmasjon