Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
17. mai-sløyfene som varar i generasjonar

17. mai-sløyfene som varar i generasjonar

Ingenting vekkjer nasjonalkjensla meir enn når heile landet prydar seg med Noreg sine vakraste fargar på grunnlovsdagen. Frå flagga som vaiar i vinden, til 17. mai-sløyfa me pyntar oss med på brystet.

Sjå utvalet av 17. mai-sløyfer her.

Kva er vel meir stas enn «Ja, vi elskar» frå hus og leilegheiter, frå hagar og balkongar. Frå snødekte fjelltoppar til fjord og sjø.

Uansett kor du vel å feira nasjonaldagen er det stas å pynta seg med ei 17. mai-sløyfe med sølvnål og Noreg sine vakraste fargar.

Sylvsmidja har 17. mai-sløyfer til alle – både voksne og barn.

Sylvsmidja har 17. mai-sløyfer til alle – både voksne og barn.

— Det fine med ei sløyfe frå Sylvsmidja er at den varar i generasjonar. Me har sløyfer til heile familien, kan Eldrid Eilertsen, som jobbar på kundesenteret fortelja. Ja, til og med til dei firbeinte!

Favorittane

— Det er sjølvsagt mange som bestiller 17. mai-sløyfer på vårparten, fortel Eldrid. Og dei soleklare favorittane til dei vaksne er sløyfene med filigran- og kongekrune-motiv.

— Til barn er det spesielt krunesløyfa det går mest av, og den passar til både jenter og gutar.

Eldrid har også eit tips på lur: — Dersom du ynskjer noko feminint og lite, er barnesløyfene fine å bruka, også til vaksne.

17. mai-sløyfene til barn er også å fine til vaksne, dersom du ynskjer ei lita sløyfe.

17. mai-sløyfene til barn er også å fine til vaksne, dersom du ynskjer ei lita sløyfe.

Motiv frå norsk natur

Naturen har alltid vore ei utømmeleg inspirasjonskjelde i alle moglege samanheng, også når det gjeld bunadsølv. Fleire av motiva på sløyfene våre er tufta på naturens eigne smykke:Vakre blomar frå norsk natur.

Rosemotiv

Rosa i oksidert sølv er blant anna eit kjent og kjært symbol i Trondheim frå mellomalderen, og som tek utgangspunkt i nyperosa.

— Ikkje la deg lura av namnet! Rosemotivet kan brukast av alle, uansett kvar i landet du kjem frå, seier Eldrid bestemt og viser fram 17. mai-sløyfa med den vakre Trondhjemsrosen på.

Nordlandssløyfa

Nordlandssløyfa finst både i oksidert og kvitt sølv. Den har blomsterdekor som er inspirert av broderiet på nordlandsbunaden.

— Eit yndig blomstermotiv som mange likar. Og det er absolutt ingenting i vegen for å velja denne, sjølv om du ikkje er frå Nordland.

Tromsøpalmen

Det hardføre ugraset tromsøpalmen har fått æra av å pryda denne sløyfa. Den er hardfør, sjølvstendig og toler det meste. Kanskje eit fint biletleg uttrykk for korleis me nordmenn likar å sjå på oss sjølve som, seier Eldrid og smiler.

Høgre eller venstre side?

Korleis var hugseregelen med 17. mai-sløyfa igjen? Skikk og bruk seier at den skal festast så nært hjarta som mogleg, altså på venstre side.

Her kan du lese meir om å kor 17. mai-sløyfa skal festast.

Hund med 17. mai-sløyfe – bunadsølv frå Sylvsmidja

17. mai-sløyfe hund - bunadsølv frå Sylvsmidja

Ein følgjesven med 17. mai-sløyfe til hund er pynta og klar for fest.

Kan du bruka 17. mai-sløyfa til bunaden?

Mange har sterke meiningar om dette. Nokre synest det blir smør på flesk og tenkjer at 17. mai-sløyfa berre bør brukast av dei som ikkje har på seg bunad.

«Kvifor ikkje?» seier andre, og brukar det meir enn gjerne saman med bunaden.

Så kva er eigentleg riktig?

Fasiten er: 17. mai-sløyfe er i utgangspunktet ikkje ein del av bunaden, men bruk den om du synest det er fint, konstaterer Eldrid bestemt.

— Og så må me ikkje gløyma 17. mai-sløyfa til dei firbeinte.

Og hugs: Alle 17. mai-sløyfene frå Sylvsmidja har livstidsgaranti.

Quote icon
«17. mai-sløyfe med sølvnål og satengband i raudt, kvitt og blått er stas å bruka. Vel sløyfa du synest er vakrast. Du ber uansett ein del av kulturarven på nasjonaldagen.»
— Eldrid Eilertsen på Sylvsmidjas kundesenter

Ved å bli Sylvsmidja-ven samtykker du til å motta tips og marknadsføring via e-post og sms. Du kan når som helst melde deg av på sylvsmidja.no eller ved å kontakte oss.