Korleis feste bunadsølv på hardangerbunad

Når du har fått på deg bunaden, er det bunadsølvet som står for tur. Me har laga nokre korte videoar som viser deg korleis du fester bunadsølv på Hardangerbunad, både damebunad og herrebunad.

Slik fester du bunadsølv på hardangerbunad til dame

Sølvet til Hardangerbunaden består av halssølje, beltespenne, mansjettknappar og borer i forgylt og kvitt sølv.

  1. Halssølja fester du rett under kragen, heilt oppe i halsen
  2. Fest hovudsølja nedanfor halssølja, slik at det er litt avstand mellom dei. Pass på at sølja ikkje heng så langt ned at ho blir gøymt bak bringkluten.
  3. Fest bringkluten med borenål på kvar side. Borenåla skal festast på kanten av livet.
  4. Det viktigaste med mansjettknappane er at dei kjem best mogleg til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis det er finast å ha mansjettknappane.
  5. Har du dalar og breikjede til bunaden din, heng du dei rundt halsen. Dalaren festar du midt på den øvrekanten av bringkluten.

Les også: Alt du treng å vita om bunadsølv til hardangerbunad.

Sjå heile utvalet av bunadsølv til hardanger

 

Slik fester du bunadsveska

Bunadsveska skal henge på venstre side. Har du sølvbelte treng du ein veskestøl. Denne er som regel den tredje stølen frå midten, då heng veska fint og er lett tilgjengeleg.

Om du ikkje har sølvbelte treng du ei veskehempe som blir sydd fast i stakken. Veska hektar du enkelt på hempa eller stølen.

For å unngå å miste veska, anbefaler me å bruka ei sikringslenkje.

Fangbelte

Fangbelte har lange tradisjonar i Hardanger, og var opphavleg forbeholdt gifte kvinner.

Fangbeltet knyter du over forkleet, med snora festa bak på ryggen. Bunadsbeltet skal deretter festast utanpå fangbeltet.

Sjå belte her

Bunadsfrisyren

Det siste som står att før den store dagen er bunadsfrisyren. Til bunad passar det fint med ein mjuk og romantisk frisyre og det treng heldigvis ikkje vera komplisert. Med hårpynt i sølv blir både uttrykket og jobben enklare.

Her er tre kjappe frisyrar du kan lage heime

Slik fester du bunadsølv på hardanger herrebunad

Til herrebunaden treng du knappar, halssølje, mansjettknappar, vestspenne og knespenne.

Denne framgangsmåten er den same for dei fleste herrebunader.

  1. Halssølja fester du nedanfor skjortekragen. 
  2. Det viktigaste med mansjettknappane er at dei kjem best mogleg til syne. Hald armane naturleg ned langs sida for å sjå korleis det er finast å ha mansjettknappane.
  3. Har du lommeur, fester du kjedet til knappen på motsatt side. Klokka har du oppi lomma på vesten.

 

Bunadsølv til hardangerbunad, herre