Alt om bunadsølv til hardangerbunad
Hardangerbunaden er ein populær bunad med ein lang og rik historie. Rett bunadsølv løftar heilskapen, bind saman fargar og broderi og set prikken over i-en på antrekket. Her får du oversikt over alt du treng å vita om bunadsølv til hardangerbunad.
- 1 halssølje
- 1 bringesølje
- 1 par mansjettknappar
- 1 par borer
- 1 beltespenne
Hardanger festbunad bruker kvit/forgylt sølv. Bringesølja er tradisjonelt ei ansiktssølje, men nokon brukar rosesølje i staden for.
Design di eiga sølje
Ei praktfull sølje betyr så mykje meir enn berre “pynt” på bunaden. Den symboliserer tilhøyrsle og ber med seg ei soge.
I søljebyggaren kan du designa di eiga ansiktssølje eller rosesølje, som begge er vanlege å bruka.
- Fest halssølja rett under kragen.
- Bringsølja fester du nedanfor halssølja.
- Fest bringkluten med borenål på kvar side.
- Tre i mansjettknappane slik at dei kjem best mogleg til syne.
- Dalar og breikjede heng du rundt halsen. Dalaren festar du på den øvre kanten av bringkluten.
Me har laga ein video som demonstrer korleis bunadsølvet skal festast. Sjå videoen her.
Sølvbelte gir bunaden eit eksklusivt og gjennomført uttrykk, og sjølv blant konfirmantane er det mange som ynskjer seg dette. Men visste du at frå gamalt av var det berre gifte kvinner som fekk lov å pryda seg med sølvbelte? Les meir om norske bryllaupstradisjonar her.
Med beltebyggaren vår kan du enkelt setja saman eit komplett belte. Her får du full oversikt over kor mange stølar du treng, kva beltespenne som passar, og kva beltet kostar totalt. Prøv beltebyggaren her.
Fangbelte
Fangbelte har lange tradisjonar i Hardanger og er ein viktig del av den tradisjonelle draktskikken. Mange opplever at bunaden blir meir komplett når det er med. Dette fangbeltet i rødt skinn er utsmykka med 12 borer og eit endestykke med graverte detaljar.
Fangbeltet finst også i svart skinn med oksidert sølv til vinterbunaden.
Agnus dei
Dette praktfulle hengjesmykket har ei rik historie og mange namn. Rundt om i bygdene her til lands var dalaren ein del av det tradisjonelle draktsølvet til brura, difor vart den også kalla brudedaler. Les meir om historia til Agnus dei her.
I dag er det vanleg å bruka hengjesmykke sjølv om ein ikkje er gift og står ofte høgt på ynskjelista til dei som har komplett bunadsølv.
Dette treng du av bunadsølv til hardanger vinterbunad:
- 1 halssølje
- 1 bringsølje
- 7 par maljer
- 1 beltespenne
Det mest vanlege er oksidert sølv, men mange brukar det same forgylte sølvet dei har til festbunaden.
Tilbehøyr til vinterbunad
Bunadsring, øyrepynt og hårpynt i oksidert sølv er vakre tilbehøyr som løftar heilskapen. Lilla stein er populært til bunaden, men her står du fritt til å velja den fargen du likar best.
Bunadsbelte
Til vinterbunaden er det tradisjon for sølvbelte med oksiderte stølar og svart skinnlist. Ein stabbursnøkkel festa i beltet er eit vakkert og meiningsfullt tilbehøyr. Visste du at stabbursnøkkelen var eit statussymbol?
I beltebyggjaren vår får du full oversikt over alle valmoglegheiter. Der kan du enkelt sjå kor mange stølar du treng og kor mykje beltet kostar totalt.
Agnus Dei
Dei vakre detaljane og djupe symbolikken gjer dalaren til eit staseleg og ettertrakta smykke til bunaden. Sjå heile utvalet av dalarar og breikjede her.
Bli kjend med ansiktssølja
Om du ser på baksida av ei ansiktssølje, vil du sjå ho er omkransa av masker, også kaldt glibbar. Glibb er eit gammalt dekorelement med menneske- eller dyremasker frå førkristen tid. Desse figurane hadde ei magisk tyding og ein beskyttande funksjon. Dei skremde vekk mørke krefter og bana veg for lyset.
Les meir om ansiktssølja her.
Visste du dette om hardangerbunaden?
Kvinnebunaden frå Hardanger har ei ubrutt line frå folkedrakt til bunad. Området har hatt sterke folkedrakttradisjonar og mot slutten av 1800-talet vart kyrkjeklede frå Hardanger løfta fram og forma til nasjonaldrakt. Dette vart dei første bunadene i Noreg, og dei fekk utbreidd bruk over heile landet. Populariteten auka ytterlegare då eit bilete av dronning Maud i hardangerbunad vart brukt som postkort då ho vart dronning i Noreg i 1905.
Kan alle bruka hardangerbunad?
Ja, alle kan bruka hardangerbunad. Den blir ofte kalla nasjonalen og har historisk vore brukt over heile landet. Men dei fleste vel gjerne bunad ut frå eiga tilknyting.
Dette treng du av bunadsølv til hardangerbunad herre
- ca 40 store knappar
- ca 15 små knappar
- 1 halssølje
- 1 par mansjettknappar
- vestspenne
- 1 par knespenne
Slik festar du bunadsølvet til herrebunaden
Denne framgangsmåten er den same for dei fleste herrebunader.
- Halssølja fester du nedanfor skjortekragen.
- Tre i mansjettknappane slik at dei kjem best mogleg til syne.
- Kjeda på lommeuret fester du til knappen på motsatt side. Lommeuret har du oppi lomma på vesten.
Bunadskniv
Bunadskniven har ein sterk plass i norsk tradisjon og er eit staseleg tilbehøyr. Til hardangerbunaden står du fritt til å velja mellom dei mange variantane – frå tidlause enkle modellar til knivar med tradisjonsrikt handverk.
Til bunadskniv treng du også ein knivknapp som du stikk gjennom stoffet på buksa.