Kva er ein skjerfring? Slik brukar du den til kvardag og fest

Ein skjerfring er eit lite tilbehøyr som kan gjera stor forskjell. Den held skjerfet på plass rundt halsen utan at du treng å knyta det, og gir samtidig antrekket eit meir gjennomført uttrykk.

Her forklarar me kva ein skjerfring er, korleis den fungerer, og korleis du kan bruka den både til både kvardag og fest.

  • Ein skjerfring samlar skjerfet fint rundt halsen utan å måtta knyta.
  • Den er ofte laga i sølv, oksidert sølv eller forgylt sølv.
  • Den passar godt til silkeskjerf og bandana, til bunad, kjole, skjorte og dress.
  • Den løftar antrekket og gir det eit elegant, pynta uttrykk.
  • Den fungerer både som eit praktisk feste og eit dekorativt smykke.

Kva er ein skjerfring?

Ein skjerfring er rett og slett ein ring som vert brukt til å halda skjerf eller tørkle fint på plass rundt halsen. I staden for å knyta skjerfet, trer du stoffet gjennom ringen slik at det held seg samla.

Den fungerer både som eit dekorativt smykke og som ei praktisk løysing for deg som vil bruka skjerf til bunad, festdrakt eller kvardagsantrekk.

Skjerfringar er ofte laga i sølv og kan ha ulike overflater, som kvitt sølv, oksidert sølv eller forgylt sølv. Nokre har også stein eller anna dekor som gjer dei ekstra personlege.

Slik fungerer skjerfringen

Ein skjerfring er enkel å bruka: Du fører skjerfet gjennom ringen, justerer plasseringa og let ringen halde stoffet på plass. Det gir eit ryddig uttrykk og gjer at skjerfet ligg meir stabilt gjennom dagen. Me har laga ein eigen steg-for-steg-guide som viser korleis du brukar skjerfring.

Dette er særleg nyttig med silkeskjerf, sidan silke er glatt og kan lett gli ut av fasong.

Skjerfring til bunad og festdrakt

Dei siste åra har interessa for silkeskjerf til bunad vakse stort, og fleire har fått augo opp for skjerfringen som ein enkel måte å festa det på. På kort tid har ringen difor blitt eit kjærkome tilbehøyr som stadig fleire vil ha.

Til bunad kan skjerfringen gjerne veljast i same uttrykk som sølvet elles. Har du oksidert bunadsølv, kan ein oksidert skjerfring skapa heilskap. Brukar du forgylt sølv, kan det vera fint med ein skjerfring i same farge også.

Nokre skjerfringar er også pryda med krystall i ulike fargar, slik at du kan gjera den endå meir personleg.

Skjerfring i sølv

Skjerfringar vert ofte laga i blankt, forgylt eller oksidert sølv. Mange design er inspirerte av norske handverkstradisjonar og tradisjonelle sølvmønster.

Nokre skjerfringar vert også laga av gamle sølvbestikk, der historiske mønster får nytt liv som moderne smykke. På den måten vert tradisjon, handverk og gjenbruk førte vidare i nye former.

Skjerfring til kvardag og fest

Sjølv om mange forbind skjerfring med bunad, er den langt frå berre eit bunadstilbehøyr. Ein skjerfring kan også brukast til kvardag, jobb og fest.

Til kvardags kan den gi nytt liv til eit enkelt silkeskjerf eller bandana, ei skjorte eller ein strikkegenser. Til fest kan den brukast saman med kjole, dress eller bluse for eit meir pynta uttrykk. Den passar også godt når du ynskjer eit alternativ til halskjede, men framleis vil ha ein dekorativ detalj nær ansiktet.

På den måten blir skjerfringen eit allsidig smykke: liten nok til å vera diskret, men tydeleg nok til å setja preg på antrekket.