Historie og handverk møter moderne design

Bli kjend med Sagastad, ein unik smykkekolleksjon inspirert av ekte vikingfunn. Moderne design møter historiske vikingsymbol og skapar eit røft og tidlaust uttrykk. Smykka er laga i verkstaden på Voss med den kjende kvaliteten og handverket frå Sylvsmidja.

Ekte & ærleg

Sagastad kombinerer moderne design med autentiske motiv frå vikingtida. Med ein balansert miks av maskuline og feminine utformingar, har smykka eit kraftullt preg som passar til både kvinner og menn.

Les meir om historia bak smykka her.

Smykka er laga av resirkulert 925 sølv og ekte lêr, som garanterer høg kvalitet og lang levetid. Desse robuste materiala gjer at smykka er perfekte til dagleg bruk, samtidig som dei held seg vakre over tid. Det oksiderte sølvet krev lite stell og får ei djupare, vakrare patina jo meir det vert brukt.

Sagastad er laga i samarbeid med Sagastad Vikingsenter og er designa av gullsmed Kathrine Berg.

Ekte norsk handverk

Heile kolleksjonen blir laga på Voss av dyktige gullsmeder, med kjærleik for faget. Ekte handverk blenkjer meir og varer lenger. Med smykke frå Sylvsmidja får du norsk kvalitet, og gjer samstundes eit berekraftig val. Les meir om vår produksjon.

Allsidig design

Sagastad smykkekolleksjon gir fortida ei ny form. Her møtast historie, handverk og moderne design i ein harmonisk balanse som gjer smykka allsidige i bruk.

Anten du ynskjer eit enkelt uttrykk til kvardagen eller eit kraftfullt smykke til fest, finn du noko som passar her. 

Uendelege kombinasjonar

Anheng og charms frå Sagastad kan enkelt festast på både armband og halskjeder, slik at du kan setja saman dine eigne smykke, tilpassa til både personleg stil og ulike anledningar.

Armband og halskjeder kjem i oksidert sølv eller ekte lær, og gjer det enkelt å variera uttrykket.

Set saman ulike smykke med vikingperler. Dei ulike perlene kan kombinerast akkurat slik du sjølv ynskjer og passar like bra til armband som til halssmykke.

Kraftfulle ringar

Ringane har detaljerte design og varierer frå det subtile til det store og uttrykksfulle. Dei gir eit røft preg til både kvardags- og festantrekket og kan lett kombinerast på ulike måtar for å skapa unike uttrykk. Alle ringane er regulerbare.

Øyredobbar med karakter

Frå små naglar til den karkteristiske gallionsfiguren på Myklebustskipet. Øyrepynten har design som varierer frå det minimalistiske til det store og iaugefallande, noko for ein kvar smak og stil.