Så mange knappar må du ha til herrebunaden
Eit av spørsmåla mange har om herrebunader er kor mange knappar skal den ha. I denne saken gir me deg svaret.
Systover i heile Noreg fortel om auka førespurnader etter herrebunader. Via chat på vår nettside, sosiale medier og e-post får Sylvsmidja også stadig vekk spørsmål om bunadsølv til herrane sitt stasplagg.
Sjå vårt utval av knappar og mansjettknappar
Tina Skorpen på kundesenteret i Sylvsmidja fortel at det gjerne er sambuar, kone eller mor til mannen som sparkar i gong bunadsprosjektet og som tek kontakt med spørsmål om kva bunadsølv som passar til herrebunaden.
Utpå nyåret, når mange herrebunader skal ferdigstillast, opplever me auka førespurnadar på knappar. Også rundt farsdag, jul og konfirmasjonstider merkar me ei tydeleg interesse.
– Det heng nok saman med at sølvknappar til bunaden er geniale gåver å gje. Ein knapp her og ein knapp der sørger for at kostnaden med dei vert fordelt over tid. Til slutt har den heldige mannen komplett sett med knappar den dagen han skal få sydd seg ein bunad, seier Skorpen.
LES OGSÅ: Klassisk lommeur til herrebunaden
Talet på knappar til bunaden varierer
Eitt spørsmål som går igjen er kor mange knappar ein treng, og kva type ein kan velja mellom.
Difor har me tatt kontakt med ulike bunadsprodusentar rundt om i landet og spurt. Basert på dette har me laga ei oversikt nedanfor som du kan bruka som utgangspunkt. Me presiserer at dette ikkje er fasiten.
Talet knappar på same type bunad kan nemleg variera frå systove til systove. Storleiken på knappane eller avstanden mellom dei er element som spelar inn. Kva type knappar dei brukar kan også variera: Nokon syr med lang hempe, andre med kort.
– Ynskjer ein å vera 100 % sikker, anbefaler me at ein tek kontakt med den som skal sy bunaden, seier Tina Skorpen.
LES OGSÅ: Herrebunad er maskulint! Tips til mannen som skal ha bunad
Uansett vil oversikta nedanfor gi ein god peikepinn på kor mange knappar ein treng til herrebunaden. Her får du også ei lenke vidare til ei side som viser oversikt over dei ulike knappane du kan velja mellom samt anna sølv til akkurat din bunad.
Rettleiande knappeoversikt til herrebunad
|
ROGALAND |
Rogaland herrebunad |
Til Rogaland herrebunad treng du totalt 30 store og 30 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv i oksidert til rogalandsbunad. |
|
MØRE OG ROMSDAL |
Nordmørsbunad herre |
Til Nordmørsbunad herre treng du totalt 3 store og 66 små messingknappar.
Her finn du komplett bunadsølv til Nordmøre herre- og damebunad. |
Sunnmørsbunad herre |
Til sunnmørsbunad herre treng du totalt 32 store og 30 små knappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Sunnmørsbunad herre og dame. |
Romsdalsbunad herre |
Til romsdalsbunad herre med kort jakke og grøn vest treng du totalt 16 store og 22 små knappar.
Til romsdalsbunad herre med lang jakke og rutavest treng du totalt 24 store og 24 små knappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Romsdalsbunad herre og dame. |
|
NORDLAND |
Nordlandsbunad herre |
Til nordlandsbunad herre treng du totalt 23-24 store og 18 små knappar.
Her finn du komplett bunadsølv til nordlandsbunad herre og dame. |
|
VIKEN |
Hallingdal herrebunad |
Brudgomsbunad: 4 store og 36 små knappar Her finn du komplett bunadsølv til hallingdal herre og dame. |
Østfoldbunad herre |
Til østfoldbunad herre treng du totalt 47 knappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å å ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til østfoldbunad herre- og dame. |
|
INNLANDET |
Gudbrandsdalsbunad herre |
Herrebunaden frå Gudbrandsdalen har kort eller lang jakke, rutavest, brokadevest eller vest med sjalskrage samt nikkers eller langbukse.
Dersom du skal ha bunadskniv treng du også ein knivknapp. Her finn du komplett bunadsølv til gudbrandsdalsbunad herre og dame |
Østerdalsbunad herre |
Til østerdalsbunad herre treng du totalt 28 store og 30 små knappar, anten i messing eller sølv.
Her finn du komplett bunadsølv til østerdalsbunad herre og dame. |
Valdresbunad herre |
Til valdresbunad herre treng du totalt 20 store og 20-28 små knappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til valdresbunad herre og dame. |
|
VESTFOLD OG TELEMARK |
Vestfoldbunad herre |
Til vestfoldbunad herre treng du totalt 24 store og 22 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til vestfoldbunad herre og dame. |
Vest-Telemark herrebunad |
Til Vest-Telemark herrebunad treng du totalt 14 store og 12 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Vest-Telemark herre- og damebunad. |
Aust-Telemark herrebunad |
Til Aust-Telemark herrebunad treng du totalt 39 store og 12 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Aust-Telemark herre- og damebunad. |
|
AGDER |
Aust-Agder herrebunad |
Til Aust-Agder herrebunad treng du 24 store og 10 små knappar.
Her finn du komplett bunadsølv til Aust-Agder herre- og damebunad. |
Vest-Agder herrebunad |
Til Vest-Agder herrebunad treng du totalt 18 store og 18 små knappar.
Her finn du komplett bunadsølv til Vest-Agder herre- og damebunad. |
|
VESTLAND |
Askøy herrebunad |
Til Askøy herrebunad treng du totalt 13 eller 19 store og 18 små knappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Askøy herre- og damebunad. |
Fanabunad herre |
Til fanabunad herre treng du totalt 62 knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Fana herre- og damebunad. |
Fusabunad herre |
Til fusabunad herre treng du totalt 21 store og 26 små knappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Fusa herre- og damebunad. |
Hardanger herrebunad |
Til Hardanger herrebunad treng du 40 store og 15 små knappar. Du kan velja mellom fleire ulike knappar, deriblant med botn og lang hempe. Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Hardanger herre- og damebunad. |
Kvinnherad herrebunad |
Til Kvinnherad herrebunad treng du totalt 10-12 store og 9-11 små knappar.
Dersom du skal bruka bunadskniv treng du også ein knivknapp. Her finn du komplett bunadsølv til Kvinnherad herre- og damebunad. |
Nordhordland herrebunad |
Til Nordhordland herrebunad treng du totalt 22 store og 38 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Nordhordland herre- og damebunad |
Os herrebunad |
Til Os herrebunad treng du totalt 20 store og 26 små knappar
Du treng også ein knivknapp dersom du skal ha bunadskniv. |
Samnanger herrebunad |
Til Samnanger herrebunad treng du 24 store og 20 små knappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Samnanger herre- og damebunad. |
Sotrabunad herre |
Til sotrabunad herre treng du 14 store og 18 små knappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til sotrabunad herre og dame. |
Sunnhordlandsbunad herre |
Til sunnhordlandsbunad herre treng du 20 eller 26 store og 18 små knappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til sunnhordlandsbunad herre og dame. |
Voss herrebunad |
Til Voss herrebunad treng du 40 store og 12 små knappar. Du kan velja mellom myntknappar og kløverknappar.
Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Voss herre- og damebunad. |
Nordfjordbunad herre |
Til Nordfjordbunad herre treng du 22 store og 22 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til Nordfjordbunad herre- og dame. |
Sognebunad herre |
Til sognebunad herre treng du totalt 12 store og 22 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til sognebunad herre- og dame. |
Sunnfjordbunad herre |
Til sunnfjordbunad herre treng du totalt 16 store og 14 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til sunnfjordbunad herre- og dame. |
|
TRØNDELAG |
Trønderbunad herre |
Til trønderbunad herre med røter frå Gauldal treng du totalt 40 store og 28 små knappar. Du treng også ein knivknapp dersom du ynskjer å bruka bunadskniv. Her finn du komplett bunadsølv til trønderbunad herre og dame. |
|
TROMS OG FINNMARK |
Troms |
Til tromsbunad herre treng du totalt 24 store og 18 små knappar.
Her finn du komplett bunadsølv til tromsbunad herre og dame. |