Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Herrebunad er maskulint! Tips til mannen som skal ha bunad

Herrebunad er maskulint! Tips til mannen som skal ha bunad

Stadig fleire vil ha herrebunad. Her er tips og råd som er lurt å få med seg når bunaden til herre skal skaffast.

Komplimenta let ikkje venta på seg då me spurde på Facebook om kva damene synest om menn i bunad.

«Barskt og råtøft»
«Hakket meir sexy enn menn i uniform»
«Alle, ekte mannfolk bør ha bunad»

 

Det er gledeleg å sjå at interessa for bunad til menn har auka dei siste åra. Etterspurnaden er større hjå systovene og me ser også god vekst i talet på Google-søk etter herrebunader. 

Sjå vårt utval av lommeur til bunad

Under gir me nokre gode råd og tips om kva ein må ta stilling til, og kva som er lurt å gjera for å koma vel i hamn med herrebunaden.

8 tips ved kjøp av herrebunad og bunadsølv:

 

1. Vel bunaden du vil trivast i

Dei fleste vel bunad knytt til familietradisjonar eller staden dei har flytta til, medan andre vel bunad utifrå kva dei synest er finast, uavhengig av tilhøyrsle.

Aller viktigast er at ein trivst i bunaden og har lyst å bruka den år etter år, uansett kva som ligg til grunn for valet. Det er trass alt eit verdifullt plagg som skal kunna brukast livet ut.

 

2. Snakk med andre som har bunaden du ynskjer

Snakk med familie og venner som har bunaden du ynskjer deg og spør kva dei synest om den. Høyr kva erfaringar dei gjorde seg ved anskaffing av bunaden. Kanskje dei har nokre gode tips og anbefalingar du kan dra nytte av.

 

3. Bestill bunaden seinast hausten før neste års 17. mai

Om du ikkje er så heldig å ha ei mor eller bestemor som syr bunad, så finst det heldigvis mange bunadsprodusentar frå nord til sør i landet. Her er både små og store aktørar, lokalt og nasjonalt, til dømes systover knytt til Norsk Flid Husfliden som lagar bunader frå heile landet.

Hugs at å sy bunad ikkje er gjort i ei handvending, difor er det lurt å bestilla så tidleg som mogleg. Gjerne eitt år i forvegen og seinast hausten før neste 17. mai dersom du ynskjer å ha den ferdig til då.

 

LES OGSÅ: Fleire menn kjøper bunad dagen derpå

 

4. Lurt med justeringsmoglegheiter

Av naturlege årsaker kan det henda at behovet for å sy bunaden inn eller ut melder seg i framtida. Høyr med dei som skal sy kva justeringsmoglegheiter dei legg til rette for på bunaden. Dette kan nemleg variera, og kanskje er det ikkje justeringsmoglegheiter i det heile!

 

5. Spør kva sølv som passar og kor mange knappar du treng

Dei aller fleste herrebunader brukar oksidert sølv, slik som nordlandsbunad og trønderbunad herre, to av dei mest populære herrebunadene. Mesteparten av sølvet er små og store knappar på vest, jakke og bukse, og talet varierer sjølvsagt frå bunad til bunad.

 

Nordlandsbunad herre og Trønderbunad herre

 

Finn ut kor mykje sølv du treng og kva du minimum må ha for å halda bunaden saman. Den som skal sy veit gjerne dette.

Det kan vera halssølje, knappar, mansjettknappar, vestspenne og buksespenner. Kanskje er du heldig som kan velja mellom fleire ulike knappar og halssøljer? Då vel du sjølvsagt den du synest er finast.

Spør kor mange og kva type knappar som skal syast på.

 

LES OGSÅ: Så mange knappar må du ha til herrebunaden

 

TIPS: Kanskje du kan ynskja deg knappar til jul og bursdagar? Er du heldig har du komplett sett den dagen bunaden skal syast.

Seinare kan du eventuelt sjå etter tilbehøyr som er fint å ha i tillegg. Dette kan vera eit gjævt lommeur med kjede, ein staseleg bunadskniv eller kanskje eit herrebelte med sølvspenne.

 

LES OGSÅ: Er det lov å ha bunadskniv på offentlege stader?

LES OGSÅ: Lommeur til herrebunad - Eit minneverdig arvestykke

 

Få oversikt over bunadsølv til din bunad
Vel distrikt/bunad, deretter kan du filtrera på kjønn

 

Bunadsølv til Rogalandsbunad herre. Mansjettknappar, halssølje, lommeur med kjede og bunadskniv.

 

6. Spør kor bunadsølvet er laga

Du gjer det lurt i å spørja om kor bunadsølvet er laga slik at du er sikker på å få norsk kvalitetshandverk, og ikkje blir lurt med kopiar eller utlandsprodusert bunadsølv. Bunadsølv er gjæve smykke som skal vara i generasjonar og bør ikkje blir stygt eller øydelagd etter kort tid i bruk.

Quote icon
Sylvsmidja – bunadsølv med livstidsgaranti
— Gjeld dersom bunadsølvet vert skada eller øydelagd på grunn av tilverkingsfeil.

 

7. Samanlikn bunadsølv frå fleire ulike produsentar

Nokre bunader har sølv som berre vert laga av éin produsent, men ofte er det fleire som lagar sølv til ein og same bunad slik at du har eit stort utval å velja mellom.

Ved fyrste augekast kan utsjånaden på sølvet til same bunad sjå lik ut, og for eit utrent auge er det ikkje alltid så lett å sjå kva for sølv som er av dårlegare kvalitet. Det er til dømes lettare å få riper og bulkar og kan bli fortare matt dersom sølvet er spinkelt eller tynt.

Ved å samanlikna bunadsølv frå fleire ulike produsentar kan du kjenna på tyngda og sjå utføringa. 

Tips: Bruk nettverket ditt – familie og vener. Spør om dei veit kor bunadsølvet deira kjem frå og kva dei synest om kvaliteten.

 

LES OGSÅ: Slik vel du rett bunadsølv

 

8. Kjøp bunadsølv frå anerkjende tilverkarar

Bunadsølv får du kjøpt hjå dei som lagar det, hjå bunadsprodusentar og gullsmedbutikkar – både kjedetilknytte som til dømes Mestergull og Bjørklund, men også frittståande som Gullsmed Sando og Gullsmed J. Frisenberg.

Tips: Finn ein utsalsstad som har fagpersonar med god kunnskap om bunadsølv og som sel bunadsølv frå anerkjende leverandørar.

 

Finn næraste Sylvsmidja-forhandlar

 

Har du spørsmål?

Ikkje nøl med å ta kontakt med oss på Facebook, e-post eller chat.