Stadig fleire menn kjøper bunad ”dagen derpå”

Visste du at 18. mai er dagen mange menn vel å kjøpa seg bunad?

Dei siste åra har bunaden fått ein ny vår, og produsentar og utsalsstader har merka ein jamn vekst. I 2016 omsette Norsk Flid bunader og bunadstilbehør for om lag180 millionar kroner. No får også stadig fleire menn bunadsdilla.

– Det er ein stadig aukande trend, og dei får gjerne bunaden i 30- og 40-årsgave. Til forskjell frå kvinner er dei fleste menn vaksne når dei får bunad, seier Esben Thyrum, marknadssjef i Norske Bunader.

Kristin Myhre, markedssjef i Sylvsmidja, opplever samme tendens. 

– Gutar modnast mykje seinare enn jentene, og av den grunn er det ikkje like mange gutar som får bunad til konfirmasjonen. Dette kjem gjerne seinere, for eksempel som gåve i samband med eksamen, eller som 25-årsgåve, seier Myhre.

Ho fortell at Sylvsmidja opplevde ein markant auke i knappesalet til menn i samband med Grunnlovsjubileet i 2014, og at den positive trenden fortset.

 

Shopper bunad 18.mai

Menn som kjøper bunaden sjølv får det gjerne for seg at dei treng den éin dag «for seint», nemleg 18. mai.

– Det er veldig typisk at dei kjem springande 18. mai, då har bunader vore i vinden og veldig synleg dagen før. Dei har ofte vore saman med fleire som har bunad, og kanskje følt seg litt mindre staseleg sjølv, seier Thyrum.

Per Willy Næsseth i Norsk Flid, Husfliden, stemmer i.

– Herrebunaden har gjennom mange år stått for ein vekst. Menn har begynt å bytta ut blådressen med bunad, og beslutningsprosessane hos menn er gjerne litt kortare enn hos kvinner. Ein sit i parken med vener, kikker seg rundt, og bestemmer seg: «nei, no skal eg ha meg bunad», seier Næsseth.

 

Viktig lokaltilhøyrsle

Per Willy Næsseth trur behovet for tilhøyrsle er ein medverkande årsak til at folk vil ha bunad.

– Ein skal ikkje stikka under ein stol at ein får mykje merksemd med bunad. Ein kan kjenna litt på identiteten og kvar ein kjem frå. Folk kjem gjerne frå ein stad og flytter til ein annan. Då kan det vera eit behov for å bekrefte identiteten. Det same gjeld ved at Norge har blitt meir internasjonalt.

Thyrum meiner det er fleire grunnar til at sal av herrebunaden er i stadig vekst.

– Menn blir gjerne fortalt kva som ser staseleg ut av for eksempel kone eller mor. Når dei då blir klar over det, vil dei ha det. Menn har nok også blitt meir interessert i å sjå ordentleg ut, trur marknadssjefen.

Han meiner veksten kjem til å fortsette.

– Det er cirka 73 prosent av norske damer som har bunad, medan det blant menn er mellom 20-30 prosent. Difor vil salet stadig stiga, forklarer han.