Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Knappane held meir enn herrebunaden saman

Knappane held meir enn herrebunaden saman

Det er som om ryggen vert litt rakare når bunaden kjem på. Knappane blenkjer, søljene skin og smilet vil ingen ende ta. Endeleg er det også Nikolai (29) sin tur til å gå rundt som stolt berar av norsk kulturarv.

– Dette har eg venta lenge på, seier Nikolai Bøhm-Nilssen med glede i røysta.

I snart ti år har han sett fram til dagen då han for fyrste gong skal bruka sin eigen bunad. Med 62 sølvknappar givne som gjennomtenkte gåver. Med heimestrikka sokkar og fargerike hoseband. Med sølja han brukte som barn i halsen og klokka han fekk til 25-årsdagen i lomma. 

Ein bunad sydd med kjærleik. Eit plagg han kjem til å bera med stoltheit. I årevis.

Roser mor og mormor for bunaden

– Eg må innrømma at eg til tider har vore litt usikker på kva sølv eg allereie har fått og kva eg har mangla, seier Nikolai ærleg, når han er innom Norsk Flid Husfliden i Bergen for å kikka på bunadskniv.

Men der Nikolai har mangla oversikt over talet på knappar som skal til, har mor Åse og mormor Astrid hatt full kontroll.

– Ja, det er dei to som skal ha all æra for at eg får meg bunad. Det er dei som har gjeve meg bunadstilbehøyr til bursdagar og jul i alle desse åra, seier den takksame bergensaren.

No gjenstår berre dei siste stinga på bunadsskjorta før alt er komplett. Målet er at Nikolai skal kunna byta ut dress med bunad på årets nasjonaldag.

– Mamma og mormor har jobba i så mange år for at eg skal få meg bunad før eg blir 30. Det er nesten uverkeleg at alt snart er klart, seier Nikolai og held lattermildt fram:

– Mormor gler seg om mogleg endå meir enn meg.

 

Mange val å ta

Dei fleste vel bunad utifrå ein stad dei har ein viss tilknytning til, men dette er ikkje eit krav. For Nikolai sin del var valet enkelt: Han vaks opp i Bergen sør, og var aldri i tvil om at fanabunad var rett for han.

– Litt vanskelegare var det å velja kva sølv eg hadde lyst på, seier Nikolai. 

Til mange herrebunader står ein nemleg fritt til å velja mellom forgylt, kvitt eller oksidert sølv. Det finst også flotte knappar av messing.

– Eg gjekk for myntknappar i oksidert sølv. Men dei er jo også utruleg fine desse blanke kløverknappane her, seier Nikolai, når han får auge på dei i butikken.

Begge sortane er det Sylvsmidja på Voss som har laga. Heilt sidan 1940 har Sylvsmidja perfeksjonert handverket og vore med på å auka både kunnskap og lidenskap for bunadsølv. Med sølvprodukt til dei fleste bunadar og folkedrakter er det mykje flott å velja mellom hjå den tradisjonsrike verksemda. 

LES OGSÅ: Tips til mannen som skal ha bunad

– Eg trudde kniv var kniv, men det er det jo ikkje. Ynskjer eg ein liten eller ein stor? Graveringsfelt eller ikkje? Og kva slire vil eg ha? I tillegg ser eg at kvar enkelt kniv har sitt heilt unike særpreg, seier Nikolai, medan han studerer ein av knivane på nært hald.

Laga for hand på Voss

Det er dei røynde hendene til gullsmed Oddvar Fenne hjå Sylvsmidja som har filt inn rillene på kniven Nikolai står og kikkar på.

– Det er berre eg som gjer akkurat denne jobben, og alt gjer eg på frihand. Mal brukar eg aldri, seier den sindinge vossingen som har 45 års fartstid som gullsmed.

Bunadskniv er eit staselegt tilbehøyr til herrebunaden med sine holkar, beslag og graveringsfelt av sølv. Gullsmeden fortel at kniven i høgste grad kan brukast også.

– Ein bunadskniv er laga som ein brukskniv. Nett som ein kva som helst annan kniv ein kan kjøpa, seier han.

– Då bunaden i gamle dagar var meir eit bruksplagg, var kniv ein del av standardutstyret. I dag er kniv eit flott tilbehøyr som mange synest det er stor stas å ha, seier Oddvar.

Etter at Nikolai bestemte seg for å få seg bunad, har fleire i vennegjengen hans fylgt etter. Men det stoppar ikkje der:

– No har også veslebror min kunngjort at han vil samla sølvknappar. Du kan tru mormor er fornøgd, seier Nikolai og utdjupar:

– Ikkje nok med at det vert stas med to barnebarn i bunad; no har ho også ein genial gåveidé til han i mange år framover. 

Du finn knappekort hjå dei fleste forhandarar slik at det er enkelt å samla.

Ved å bli Sylvsmidja-ven samtykker du til å motta tips og marknadsføring via e-post og sms. Du kan når som helst melde deg av på sylvsmidja.no eller ved å kontakte oss.