Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Sølvskattar til dei store høgtidsdagane

Sølvskattar til dei store høgtidsdagane

Hjå Sylvsmidja går gamle tradisjonar og nye løysingar hand i hand. Den tradisjonsrike produsenten av bunadsølv har difor lansert bunadsvesker som kan brukast både med og uten sølvbelte. Og ynskjer du deg eit belte av sølv? Då er den nye beltekalkulatoren noko for deg.

– Eg trur ikkje folk er klar over at me lagar alt bunadsølvet her på Voss. Mange vert også overraska når dei høyrer om alle prosessane sølvet må gjennom før det kan blenkja på ein bunad, seier Hildegunn Gjerde, gullsmed hjå Sylvsmidja.

Heilt sidan 1940 har den tradisjonsrike verksemda perfeksjonert handverket og vore med på å auka både kunnskap og lidenskap for bunadsølv. Med sølvprodukt til dei fleste bunadar og folkedrakter er det mykje flott å velja mellom.

Laga for hand på Voss

– Det er jo tradisjonshandverk det me held på med, held Hildegunn fram og lèt auga fara rundt i verkstaden:
Alle stadar jobbar erfarne hender med ørsmå detaljar og imponerande utformingar på edelt metall.

Sylvsmidja har i alle år lagt stor vekt på å fornya seg og tilbyr stadig eit større utval av lekkert tilbehøyr av sølv.

– Ei spennande nyvinning frå oss er vesker til bunadar som tradisjonelt ikkje har hatt vesker. Her har me mellom anna henta inspirasjon frå søljer i dei distrikta, fortel Hildegunn.
 

LES OGSÅ: Komplett bunadsveske til bunaden din

– Har alltid sakna veske til bunaden

Saman med Bente Elin Lidal på kundesenteret har den kreative gullsmeden teke del i utviklinga av dei nye veskene.

– Sjølv har eg vinterbunad frå Voss og har alltid sakna ei veske å putta småting oppi. Det passar seg ikkje så godt å bruka kvardagsveska når du har på deg nasjonaldrakta, seier Bente Elin.

Dei nye bunadveskene frå Sylvsmidja er i si heilheit laga på Voss: frå design og sying til den vakre sølvdekoren og veskelåsen. Dei flotte veskelåsane har tradisjonell dekor og er enkle å opna og lukka.

Quote icon
– Det ligg mykje arbeid bak kvar einaste veske og det finst ikkje ein einaste snarveg for å koma til mål. Alt er laga av oss her på Voss.
— Bente Elin Lidal

Ei veske bunaden verdig

– Fyrst hadde me sett for oss at veskene skulle vera litt mindre, men sidan det er så mange som har store mobiltelefonar laga me dei litt større, seier Bente Elin vidare.

Sylvsmidja har lenge hatt eit rikt utval av flotte veskelåsar med tradisjonell dekor som passar til bunadsvesker frå heile landet. Sølvpynten på veska kan og bestillast og syast på i fleire lokale systover rundt omkring i landet.

– Dei nye veskene kan brukast både av dei som har sølvbelte frå før og av dei som ikkje har det, fortel Bente Elin.

Dei med sølvbelte kan byta ut ein av stølane med ein veskestøl viss dei vil.

– Alternativt kan ein sy fast ei veskelåshempe i stakken og henga veska på denne, forklarar Bente Elin.

Populær beltekalkulator

Nyleg såg ein heilt ny versjon av den populære beltekalkulatoren til Sylvsmidja dagens ljos.– Den store etterspurnaden etter belte inspirerte oss til å utvikla endå meir skreddarsaum, seier gullsmed Hildegunn.

I beltekalkulatoren er det enkelt å setja saman sølvbeltet slik at det vert akkurat slik du sjølv ynskjer.

– Du vel bunadsdistrikt, legg inn livvidda di og kva stølar du vil ha på. Så reknar beltekalkulatoren ut akkurat kor mange stølar som trengs og kva beltet vil kosta. Etter kvart som du legg til stølar og tilbehøyr vil du få ei visuell framstilling om korleis beltet vil sjå ut, seier Hildegunn.
 

LES OGSÅ: Så mange stølar treng du til sølvbeltet


Men sjølv om løysinga er digital for kunden, er det ekte handverk som må til for å gjera beltet ferdig. Sylvsmidja monterer stølane for hand og tilpassar kvar enkelt støl med blant anna lauv og kva farge på steinane kunden ynskjer.

Ved å bli Sylvsmidja-ven samtykker du til å motta tips og marknadsføring via e-post og sms. Du kan når som helst melde deg av på sylvsmidja.no eller ved å kontakte oss.