132100
Slangesølje Telemark, oksidert
Ei utsøkt slangesølje til bunader i Telemark. Den er detaljrik med kruser og demanter. Dei seks bueformene utgjer rosetten med ei rund opning i midten. Sølja finst òg i ein større storleik. I Telemark var denne frå gamalt av, brukt som jentesølje. Når jenta gifta seg fekk ho bolesølje, og då vart slangesølja flytta eit hakk ned. Bolesølja fekk dermed hovudplassen på bringa. Slangesølja går tilbake til førmiddelalderen og symbolikken stammar truleg frå norrøn mytologi - med Midgardsormen som låg rundt "heile jordi og beit seg sjølv i sporden."
Art.nr: 132100
Storleik: 59 mm
Leveringstid: 1-7 dagar
Materiale: Sølv
Overflate: Oksidert
Legering: 830