Bolesølje, gml.forgylt

kr. 7 230,-
Ikkje på lager
Vakker og detaljrik bolesølje i gamalforgylt sølv. Nydeleg til bunader i Telemark. Den er laga med 6 store og seks små knapperoser som utgjer bolene på sølja. Bakpå sølja er det laga ein ekstra sikringslås som sørger for at nåla ikkje hektar seg av med uhell. Før i tida var det tradisjon i Telemark at jenta fekk bolesølje når ho gifta seg. Då vart slangesølja (jentesølja) flytta eit hakk ned, og bolesølja fekk hovudplassen på bringa. I dag har konfirmantane gjerne både slangesølje og bolesølje på bunaden, og ein kan velja mellom oksidert og gamalforgylt sølv.

Art.nr: 167700

Storleik: 85 mm

Materiale: Sølv

Overflate: Antikkforgylt

Legering: 830

Livsgaranti
30 dagars retur
Frakt 50,-