Unite

Unite-kolleksjonen feirar det som held oss saman – relasjonar, fellesskap og styrken i å høyra til. I sentrum står bindersen som eit kraftfullt symbol på samhald og fridom. Designarduoen Hanna Høiness og Bjørn Bye står bak kolleksjonen, forma i ekte sølv og laga på Voss av Sylvsmidja.

Unite er ikkje berre ein festleg pynt – det er ei påminning om verdiane me deler, og krafta i å stå samla – i ei tid der samhald er viktigare enn nokon gong. ❤️

Ingridsløyfa – ei meiningsfull festsløyfe

Kva skjuler seg bak Ingridsløyfa? Ho har rørt det norske folket djupt, og i dag har ho funne sin plass nært hjarta, på bunader og festplagg over heile landet.

Les kvifor

Bindersen som samla Noreg

Liten, men kraftfull. Under andre verdskrigen vart bindersen festa på jakkeslaget. Han var eit diskret symbol på norsk samhald, og ein skjult protest mot den tyske okkupasjonsmakta.

Heilt utan fare var det ikkje. Alle former for motstand vart møtt med nulltoleranse, og dei som vart tekne med binders på jakka risikerte både bøter og fengsel.

Bli Sylvsmidja-ven

Motta tips og råd om bunadsølv og
andre smykke.