Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Julegåver som varer

Julegåver som varer

Høgtida nærmar seg med kos og hygge, og julegåver til familie og venar. Me vil gjerne gi noko meiningsfylt, noko ekte og personleg. Difor styrer me unna kortlevde julegåver når me gir deg 17 julegåvetips – til han og henne, til mamma og pappa, til kjærasten, barn og barnebarn.

 


 

1. Tid og gode gjerningar – Julegåver treng ikkje alltid vera noko ein kjøper. Gode gjerningar som husvask, snømoking eller barnepass blir satt pris på i hektiske kvardagar. Du gir av tida di og viser at du bryr deg. Lag eit fint gåvekort eller klyppekort. Legg gjerne ved ein liten «symbolsk ting» som vaskeklut (gjerne heimestrikka) dersom du gir husvask, eller ei dekorativ snøkule som symboliserer snømokinga.

 

Julegåvetipsa passar også til andre spesielle anledningar. Kanskje du har ein konfirmant eller eit dåpsbarn i sikte? Bla nedover og få inspirasjon til bursdagsgåver, konfirmasjonsgåver og dåpsgåver.

 

2. 17. mai-sløyfe – Ei skikkeleg 17. mai-sløyfe i sølv kan brukast år etter år. For den som har alt er denne ei fin og kjær gåve. Det finst også til barn, og kanskje mottakaren har ein hund som også treng ei fin sløyfe til 17. mai? Her kan du sjå utvalet med ulike motiv på sølvnåla.

17. mai-sløyfe - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

3. Agnus Dei / Dalar – Julegåvetips til henne. Tradisjonelt smykke som vert brukt på fleire bunader, og som finst i ei rekke variantar. Eit gjævt smykke å få! Og du, smykket kan også brukast inntil noko anna enn berre bunaden.

Agnus Dei - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

4. Beltestølar til sølvbelte – Julegåvetips til henne. Beltestølar er fine å gi som samlegåve til spesielle anledningar; frå dåp til bursdag og jul. Sølvbelte vert gjerne brukt av gifte kvinner, men mange får det allereie til konfirmasjonen. Det vert ekstra personleg om du gir ein namnestøl eller min første støl som kan graverast med namn.

Beltestøl - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

6. Bunadskniv – Ein staseleg julegåvetips til han. Bunadskniv i sølv med flott gravering blir ikkje gløymt med det første. Det finst også bunadsknivar til dame.

Bunadskniv - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

7. Bunadsring – Ein vakker ring som passar til bunaden er den perfekte julegåva til jenter som aldri får nok av fine smykke. Her kan du sjå ulike bunadsringar.

Bunadsring - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

8. Bunadsølv til barn – Julegåvetips til barn. Småsøljer til barn med bunad er vakre og varige. Med gravering vert julegåva ekstra personleg. Kva med ei halssølje til ein liten gut? Bunadsølv til barn er også fint som dåpsgåve, eller du kan gi vår spesiallaga dåpssølv.

Bunadsølv til barn - Sylvsmidja

 

 

9. Hårklyper til bunaden – Hårklypene i sølv passar perfekt til bunaden. Dei kan også brukast ved andre festlege anledningar, og er ei fin julegåve til små og store jenter. Her finn du inspirasjon til enkle hårfrisyrar med hårklypene.

 

Hårklype - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

10. Knappar og mansjettknappar – Bunadsknappar er fine som samlegåver. Dei kan også vera dåpsgåve eller konfirmasjonsgåve. Her finn du knappar og mansjettknappar som høyrer til bunaden.

Bunadsknappar - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

11. Mitt første bunadsølv – Ein vakker «startpakke» til dei små. Set saman innhald etter eige ynskje, til dømes halssølje, mansjettknappar og to knappar, eller halssølje, mansjettknappar og ein beltestøl. Mitt første bunadsølv er også ei fin dåpsgåve.

Mitt første bunadsølv - Sylvsmidja

 

 

12. NamneskiltNamneskilt i sølv kan syast på innsida av bunaden. Få det gravert med namnet til mottakaren og du har ei varig og praktisk julegåve til både han og henne.

Navneskilt - bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

13. Smykke – Smykkegåver til jenter slår aldri feil, og gjerne eit som betyr noko. Om du har eit fint, gamalt smykke, kvifor ikkje gi den vidare til neste generasjon? Alternativt kan delar av smykket lagast om til eit nytt.

Om du vil gi eit smykke som passer til kvardags og til fest, er Spor-serien midt i blinken.

Sporsmykke frå Sylvsmidja

 

 

14. Stabbursnøkkel – Flott tilbehøyr til bunaden. Stabbursnøkkelen kan anten hengast rundt halsen eller festast til beltet på sida av stakken. Den symboliserte husfrua si status på garden. Berre ho fekk bera nøkkelen til stabburet, ingen andre skulle ha tilgang.

Stabbursnøkkel - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

15. Sølje – Ei blenkjande sølje som lever gjennom generasjonar, er ei vakker og varig julegåve til henne. Finn den rette sølja som passar til bunaden.

Sølje - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

16. Øyrepynt – Eit par øyrepynt som passar til akkurat den bunaden ho har, er ei flott julegåvetips til henne. Vakre øyredobber til bunaden finn du her.

Øredobber til bunad - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

17. Sølvskrin – Dei beste gåvene fortener den beste omsorga. Eit eiget skrin til bunadsølvet held det blankt og skinande i år etter år. Vil du gi skrinet eit personleg preg? Få namnet til mottakaren inngravert i skrinet.

Skrin - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

Me håpar du fekk litt inspirasjon. Og hugs – det er ikkje alltid julegåvene i seg sjølve, eller kor mykje dei kostar som betyr noko. Den verkelege utfordringa er å finne måtar som viser kor mykje du bryr deg.

 

Quote icon
Den største gleda du kan ha, er å gjere andre glad.