Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Tips til ei litt meir bærekraftig jul

Tips til ei litt meir bærekraftig jul

Å skapa og bygga tradisjonar er bærekraftig. Her er fem tips til korleis du kan bidra til ei litt mer bærekraftig jul – og gjere feiringa litt snillare mot jordkloden vår.

Me blir glade i gjenstandar som har vore ein del av livet vårt lenge og som har vore med på minnerike hendingar. Med ekte handverk som går i arv gjennom generasjonar kan me også bli meir miljøvennlege – og jula meir bærekraftig.

1. Bunaden – det klart mest berekraftige plagget vårt

For 200 år sidan var bunad det finaste me kunne ha på oss i kyrkja på julaftan. År etter år blei det staselegaste festplagget i skapet henta fram. Kan me framleis bruka bunaden i jula? Sjølvsagt! Ikkje minst for kalde desemberdagar er bunaden eit vakkert festplagg som varmar, og som er like flott kvart år. Forsking ved forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet viser at bunaden er eit av plagga med lengst levetid. Å aksle bunaden i høgtida, det er å kle seg for ei miljøvennleg jul – ei bærekraftig jul.

 

Vil du gi julegåver som varer? Sjå våre julegåvetips til han, til henne og til dei.

Beltestøl - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

2. Gi beltestølar i julegåve

Sølvbelte til bunaden er ei dyr investering dersom me kjøper alle stølane samtidig. Kva med å gi beltestølar i julegåve? For kvart år vil beltet blir lengre og lengre. Til slutt har ein eit komplett bunadsbelte som kan leva vidare i generasjonar, og bli satt pris på år etter år.

Vurder du å kjøpe sølvbelte? Så mange stølar skal du ha i eit komplett belte.

Visste du at du også kan designe ditt heilt eiget belte? Med Sylvsmidjas Beltekalkulator kan du sjølv bestemme alt – og sjå korleis det blir undervegs!

3. Gi ein reparasjon i gåve

Å kjøpa og ta vare på ting som kan reparerast er bærekraftig. Å ta seg tid til reparasjonar er derimot noko me sjeldan gjer. Kva med å tilby nokon å levera det dei allereie har til reparasjon? Bunadsølvet kan for eksempel leverast inn til gullsmedar. Ei fin julegåve mange vil setta pris på.

Skrin - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

4. Oppbevaringsetui som held bunadsølvet blankt i generasjonar

Gassar i lufta kan over tid føre til at sølv oksiderer og blir mørkt. Difor er det viktig å oppbevara sølvet så tett som mogleg. Gi vekk eit oppbevaringsetui til jul, så kan komande generasjonar også få glede av sølvet. Det er bærekraftig å ta vare på det ein eig.

Usikker på kva du treng og korleis du gjer detHer forklarar me korleis du skal oppbevare bunadsølv.

Sølje - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

5. Bunadstilbehøyret me eigentleg ønsker oss

Bunadsølv gir oss estetiske opplevingar med nydeleg dekor og rik historie. Det staselege tilbehøyret som løfter bunaden kan vera ei ekstra fin gåve til den som allereie har komplett bunadssett. Dei fleste likar særs godt offerdåsa, eller Agnus Dei, som det staselege hengjesmykket også vert kalla. Kva med å gi ei av desse ekstra spesielle gåvene til jul? Både offerdåse, stabbursnøkkel og bunadskniv løfter bunaden til både han og ho.

Lyst på noko ekstra til bunaden? Dette smykket gir bunaden eit løft