Dette smykket gir bunaden eit løft

Det er eit staseleg hengesmykke, men kan ikkje brukast av alle. For tradisjonen tru skal Agnus Dei, i likskap med sølvbelte, berre brukast av gifte kvinner.

I fleire hundre år har brudedalaren, som den også vart kalla, vore ein del av det tradisjonelle draktsølvet til brura, og bruken var utbreidd i heile landet. Den eldste bevarte brudedalaren er frå 1635. Den symboliserte overgangen frå ugift til gift, og skulle verna brur, mor og barn mot farar og vonde makter.

Sjå utvalet vårt av dalarar og Agnus Dei.

Adolph Tidemand: «Brudepyntning paa Staburet», litografi i Norske Folkelivsbilleder : efter Malerier og Tegninger, Christiania : Chr. Tønsberg, 1858.
Ingeborg Andresdatter Gulsvig som gifta seg i Flå i 1849, teikna av den norske målaren, Adolph Tidemand. Brura har tradisjonell brurekrune på hovudet og brudedalar på bringa.

Som med anna bunadsølv kjem det religiøse uttrykket klart fram i dette smykket. Det latinske namnet Agnus Dei tyder Guds lam, ein symbolsk figur som refererer til Jesus. At det har tre vedheng er heller ikkje tilfeldig, for talet tre er nemleg «magisk» og symboliserer den heilage treeininga.

Av Foto Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum - Norsk Folkemuseum: image no. NF.1999-3351, via digitaltmuseum.no., CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=33171230
Ein gamal Agnus Dei eller brudedalar med bilete av Guds lam og innskrift: Agnus Dei Quitollit Peccata Mundi (Guds lam som bærer verdens synd).
Foto Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum - Norsk Folkemuseum: image no. NF.1999-3351, via digitaltmuseum.no., CC BY-SA 4.0

Medaljar eller myntar og brei panserkjede var utgangspunktet til smykket, og under midtstykket var det gjerne tre heng. På Vestlandet var myntane ofte bytta ut med vedheng i filigran. Nokre vart laga med oppbevaring til myntar for ofring i gudstenesta og vart kalla offerdåse. Desse var spesielt utbreidd i Møre og Romsdal og hadde ofte eit krusifiks nedst.

Myntdalar Bunadsølv Sylvsmidja
691100 Myntdalar i oksidert sølv. Dalaren er pryda med den dansk-norske kongen Christian VII sitt speilmonogram og teksten "D G Dan Norv Vand Goth Rex" som tyder "Av Guds nåde, danskers, nordmenns, vendernes og goternes konge".  På myntane står det "Frid IIII Dei Grat", Fredrik den store, kongen av Danmark og Norge, den fjerde i rekkja.

Mange mødrer og bestemødrer let bunadene sine gå i arv til yngre generasjonar, og skaffar seg gjerne ein ny bunad til seg sjølv. Dei ynskjer seg ofte noko ekstra staseleg til bunaden, og Agnus Dei står då høgt på ynskjelista

Kristin Myhre, Marknadssjef Sylvsmidja

Agnus Dei bunadsølv Sylvsmidja
F.v.: 554005 Offerdåse Nordmøre, 311502 Dalar, 337100 Agnus Dei Trøndelag