Kjært barn har mange namn

Hjertesølje, Mariasølje og kronesølje – Kjært barn har mange namn, og denne sølja har spennande symbolikk knytt til seg frå gamalt av.

Hjertesølja er, som namnet tilseier, ei hjerteforma sølje med utspring frå dei små hjertesprettene som haldt saman bunadsskjorta. Den finst i ulike storleik, både med og utan heng.

Her finn du vakre hjertesøljer og andre typar søljer.

Hjertesølje fra Heddal i Telemark

Ei hjertesprette var forma som eit hjarte med ei krune eller to motstilte fuglar øvst. Denne haldt saman bunadsskjorta.
Gamalt hjertesprette frå Heddal i Telemark. Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum

 

Ein har funne hjertesølje så langt tilbake som til 1300-talet, men det var fyrst på 1700-1800-talet at den eskalerte i bruk over heile landet. I flatbygdene på Austlandet, i Østerdalen, Gudbrandsdalen og Sør-Trøndelag har den halde seg lenger.

 

Sylvsmidja hjertesøljer

F.v.: Oksidert hjertesølje som er mykje brukt i bl.a. Gudbrandsdalen, Graffer og Dovre. Hjetesølje i kvitt sølv med forgylte lauv til Agder og oksidert hjertesølje til Østfold.

 

Religiøse symbol

Det var mykje overtru knytt til søljene. Ein trudde at sølv hadde ei kraft som skulle bringa lykke og verna mot vonde makter. Etter kvart var det religiøse symbol som tok over.

Sjølv om det finst fleire variasjonar av hjertesølja, er symbolikken den same. Det handlar om samspelet mellom motsetnadane – mellom lys og mørke, liv og død, det gudommelege og det verdslege. Men i botn handlar alt dette om kjærleiken. Den som sigrar over alt - difor var det vanleg å gje den som kjærastegåver.

 

Sylvsmidja hjertesølje kronesølje

 

1. Femtakka krune - sigerskruna. Den gudommelege kjærleikssigeren ved dei 5 heilage såra til Jesus.

2. Hjarteforma – symbol på Kristi kjærleik, men er også knytt til Jomfru Maria sitt reine hjarte.

3. Mandelforma lauv – «Mandorla mystica», symbol på unnfangelse ved Den heilage ande.

4. Rombeforma lauv – symbol på skapinga og nytt liv.