Slik vel du rett bunadsølv

Å kjøpa rett sølv til rett bunad, er sjølvsagt. Men det er også viktig med riktig kvalitet. Her er gullsmedens råd!

Vårt fortrinn i Sylvsmidja er at me har omtrent alt sølv til alle bunader i Norge, og har mykje røynsle med å laga tradisjonsrikt kvalitetssølv. Me opplever ofte at kundane ønskjer å kjøpa norskprodusert bunadsølv, fortel gullsmed Trond Johansen.

Med over 30 år i faget har han eit heilt eige blikk for bunadsølv. Ikkje berre er det ein stor og mangfaldig framstilling, dette er også anerkjend kvalitetssølv.

- Bunadsølvet vårt kjem med garanti – livet ut. Dersom det er ein produksjonsfeil eller det går opp ei lodding, tek ivrige handverkarar imot og rettar opp.

Hos Sylvsmidja finn du bunadsølv til bunader frå heile landet. Sjå utvalet her

Kvalitetsstempel

Det å arva sølv er spesielt nært og fint. Mange set pris på å vita litt meir om historia. Stempling av sølv har sølvmeistrane drive med sidan laugstida.

-Å finne ut kven som har laga bunadsølvet ditt er mest som eit eventyr. Det gjer at bunadsølvet vert knytt til noko konkret i historia, seier Trond.

-Sjå om du finn eit drikkehorn forma som ein J bakpå bunadsølvet ditt. Dette ansvarsmerket stemplar me på kvart einaste produkt me gir frå oss. Ein indikasjon på kvalitet, smiler gullsmeden.

 

Mange bunader har mykje ulikt sølv å velja mellom. 

– Eit råd er å få oversikt over kor mykje sølv og kva for sølv det er til din bunad. Kanskje finst det variantar du ikkje har sett tidlegare. Det kan vera overveldande, men også utruleg morosamt at det finst eit så vidt spekter innan handverkssølv i Norge, seier gullsmeden.

Her kan du velja bunad eller distrikt og finna bunadsølvet som høver.

 
–Det er mange hender som med iver og glede arbeider, filer eller pussar på ei sølje frå produksjonen byrjar til du står med sølja i handa. Når ein byrjar sjå slik på det, er det rimeleg handverk.

Det er mange hender som med iver og glede arbeider, filer eller pussar på ei sølje frå produksjonen byrjar til du står med sølja i handa. Når ein byrjar sjå slik på det, er det rimeleg handverk. 

Det beste sølvet

Ekte norsk bunadsølv er tufta på gamle handverkstradisjonar og er ein del av den norske kulturarven. Bunadsølv er for mange heilt spesielt fordi det er så nært knytt til historie og høgtid.

–Bunadsølvet speglar historia om landet vårt. Ein kan sjå korleis historia har utvikla seg i bunadsølvet, til dømes gjennom små symbol eller ulike teknikkar. Me syter for at handverket og kunnskapen ikkje går i gløymeboka,  men lever vidare i det bunadsølvet du kjøper i dag, seier Trond.

–Me kjenner magien ved sølv og veit korleis sluttproduktet skal skina og sjå ut. Sølv og bunad skal skina saman. Berre det me sjølv er hundre prosent nøgde med vert levert vidare, slik at du skal vera sikker på å få det aller beste, seier gullsmeden.

 

Les også: Er det trygt å kjøpa bunadsølv på nett?

 

Handverk, hjarte og hovud

Han skal ikkje berre vera stø på handa, Trond må òg arbeide med hjarte og hovud, slik at sølvet er av beste kvalitet, samstundes som smykka han lagar, er dei vakraste som finst!

For ein som skal kjøpe bunadsølv er det ikkje alltid så lett å sjå kva for sølv som er av dårlegare kvalitet. Gullsmeden veit råd:

–Spør fagpersonar om kvaliteten. Ein kan sjølvsagt freista å sjå etter om sølvet er spinkelt eller tynt, om mønsteret er litt annleis, men som oftast er det totalinntrykket av heile produktet som avgjer, seier han. 

Kvalitetssølv kan både vera støypt, stansa eller handlaga. Som regel vert teknikkane kombinerte, slik at ei sølje kan både ha støypte og handlaga deler. 

 

Trond Johansen - Sylvsmidja- Me syter for at handverket og kunnskapen ikkje går i gløymeboka,  men lever vidare i det bunadsølvet du kjøper i dag, seier Trond.

Trond arbeider mellom anna med modellane til støypen. Til betre modellen er, til finare vert sølja.

–Alle modellane våre er nøysamt handlaga etter dei gamle, lokale bunadstradisjonane. Me er til saman tretten utdanna gullsmedar som gløder for bunadsølv og som har stor respekt for handverket, seier han.

 

Les også: Har du ein konfirmant i huset?

 

Nokre råd for å velja sølv til bunaden:

• Kjøp sølvet hos ein trygg leverandør. Nettbutikken vår finn du her, og oversikt over forhandlarar som sel Sylvsmidja sitt sølv finn du her.

• Få oversikt over kor mykje sølv og kva for sølv det er til din bunad. Det kan vera alternative søljer du ikkje har sett tidlegare. Når du kjem heim fullasta med sølv, er det fint å vita at du har sett heile utvalet.

• Sjå på ulike kvalitetar i butikken. Be om å få sjå det aller beste som finst, slik at du har noko å samanlikna med.

• Spør slektningane dine kva sølv dei har til sin bunad. Her kan det koma fram noko gamalt andre kanskje ikkje brukar, eller råd som kan vera gode å ta med seg.

• Gjer ei vurdering av kor mykje pengar du vil bruka på sølv akkurat no. Skaff oversikt på kva du treng med ein gong og kva du eventuelt kan kjøpa seinare.

• Spør ein fagperson og få fagkunnskap som du kanskje ikkje har. Gullsmedar med fagbrev har ofte spesialisering innan til dømes filigranarbeid, som er ein vanleg teknikk på bunadssøljer.

• Ta med arva sølv til ein fagperson for å pussa det opp og eventuelt retta opp på småskadar. Det er vel verd å gi gamalt sølv ein ny sjanse.

• Det er lov å ønska seg sølv - heile livet. Det er heldigvis alltid meir bunadsølv å få kjøpt, til dømes hårklyper eller ei ekstra sølje