Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
4 flotte frisyrar til 17. mai og konfirmasjon

4 flotte frisyrar til 17. mai og konfirmasjon

Lurer du på korleis du skal ordne håret til 17. mai? Her er fleire frisyrar med både hårtvisting og pariserfletter du enkelt lagar sjølv.

Til bunad er det flott med romantiske frisyrar og fletter. Du kan enten velje å feste dei stramt for ein litt tøffare look, eller flette dei lausare for volum og eit romantisk uttrykk. Med stylingspray og fliseklemmer kjem du langt. Sjå videoane nedanfor for å sjå korleis du steg for steg lagar frisyrane.

 

17.mai-frisyre: Halvt oppsett med pariserfletter

Slik gjer du:

1. Legg skilja der du måtte ønske, her er det brukt midtskil. 

2. Start med å flette ei av sidene bakover, inntil hovudet (pariserflette) til du kjem til krunepartiet bak. Flett så vanleg ut. 

3. Legg flettene i kryss og fest dei inntil med fliseklemmer.

4. Kryss flettene fleire gongar over kvarandre. Pass på å brette tuppane inn til slutt, så dei ikkje er synlege. 

5. Pynt med bunadsklyper.