Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Hårpynt - Finn den som passar til bunaden din

Hårpynt - Finn den som passar til bunaden din

Dei populære hårspennene i sølv er i vinden som aldri før. Jenter i alle aldrar, både gamle og unge, ynskjer å pynta håret med noko som er like staseleg som bunaden.

Ikkje så rart kanskje. Hårpynt som passar til bunaden er eit kjærkome tilbehøyr, og alle vil pynta seg ekstra på håret.

- Det er prikken over i’en. Den perfekte gåva til konfirmanten, meiner Kristin Myhre, marknadssjef i Sylvsmidja.

Utvalet er stort. Her kan alle finna ei hårspenne som passar til bunaden sin. Utforming, mønster og dekor på hårspennene er nemleg laga utifrå bunadsølvet til dei ulike bunadene.

Hårspenne i oksidert sølv til Rogalandsbunad

Hårspenne i oksidert sølv til Rogalandsbunad

Hårspenne i kvitt sølv til Nordlandsbunad

Hårspenne i kvitt sølv til Nordlandsbunad

 

Er du usikker på kva hårspenne som passar til bunaden din? Sjå utvalet her, velg distrikt og finn hårpynten som høyrer til.

 

Den perfekte 17. mai-frisyren

Ein vil gjerne vera fin frå topp til tå med bunadsstasen på, og du treng korkje langt hår eller avanserte fletter for å få den perfekte 17. mai-frisyren.

- Det enkle er ofte det beste. Du kjem langt med å pynta opp håret med ei nydeleg hårspenne som harmonerer med bunaden, seier Kristin. Det viktigaste er at hårpynten sit godt i håret slik at frisyren held seg heile dagen.

 

Slik kan ei enkel hestehale kjapt bli elegant.

Samle håret saman bak i nakken som ei enkel hestehale, pynt opp med ei bunadshårspenne og du er festfin på eit blunk.

Denne hårspenna finst både i forgylt, oksidert og kvitt sølv. Den kan graverast med namn slik at du får eit personleg preg. Passar til mange ulike bunader.

Denne hårspenna finst både i forgylt, oksidert og kvitt sølv. Den kan graverast med namn slik at du får eit personleg preg. Passar til mange ulike bunader.

LES OGSÅ: 4 flotte frisyrar til 17. mai og konfirmasjon

LES OGSÅ: Bunadsfrisyrer til konfirmasjon og 17. mai

 

Finn den perfekte hårpynten til deg og din bunad

- Det har ikkje noko å seia kva hårtype du har: Langt eller kort hår, krøllete eller stritt, tynt eller tjukt – me har hårpynten som passar både hårtype og bunad, smiler Kristin.

Hjartefiligran hårspenna er den mest populære. Hjarteforma tek utgangspunkt i den inste filigrandelen på ei spenne til bunadene i Telemark, og finst i både kvitt, oksidert og gamalforgylt sølv,  Det tradisjonelle mønsteret sørger for at hårspenna passar til fleire ulike bunader, og mange brukar den også utan bunad, både til kvardags og fest.

Hårspenne, hjartefiligran – Den mest populære bunadshårspenna. Finst i både kvitt, oksidert og gamalforgylt sølv.

 

Ei anna populær hårspenne er denne i forgylt og kvitt sølv med perlekant. Den er inspirert av eit tradisjonelt beltespenne som vert brukt i fleire distrikt rundt om i Norge, hovudsakeleg på vestlandet og innover mot Oppland. Har du bunad med forgylt/kvitt sølv, passar denne hårspenna perfekt. Finst også i oksidert sølv dersom du brukar det til bunaden din.

 

Bunadshårklyper i sølv

Dei små hårklypene i sølv, laga i samarbeid med Trine Nilsen i Noma Norge, er også lekre pynt til håret. Desse tek også utgangspunkt i dei tradisjonelle mønstera frå bunadsølvet, og finst i to ulike storleik.

- Men du treng absolutt ikkje bunad for å bruka desse, seier Kristin.

Sjå utvalet av hårklypene her

 

Slik tek du vare på bunadshårpynt

Som med alt anna bunadsølv er det viktig at du tek godt vare på hårspenna. Med tida vil den bli misfarga og oksidere, men med riktig stell og oppbevaring så tek det lenger tid før dette skjer.

  • Skyll hårspenna med lunka zalovatn og salmiakk etter bruk for å få vekk feitt og smuss, samt restar av hårprodukt som hårspray, hårskum o.l. Då unngår du at dette tærer på sølvet når den ikkje er i bruk. Her er oppskrifta på zalovatnet.
     
  • Sørg for at hårspenna er heilt tørr før du gøymer den vekk. Ha den oppi ei lufttett, syrefri pose, f.eks. ziplock pose. Oppbevar den tørt og mørkt.
     
  • Ikkje bruk gummistrikk i nærleiken av hårspenna. Den inneheld svovel som fører til oksidering, og gjer at du vil få stygge flekkar som er vanskeleg å få vekk.

 

Stor etterspurnad på hårspenner

- Håpar berre me har nok til alle som ynskjer seg ei hårspenne til konfirmasjon og 17. mai, utbryt Kristin. Dei på verkstaden jobbar iallfall på spreng med å imøtekoma etterspurnaden etter både hårspenner, søljer og anna bunadsølv, seier ho og smiler.