Pussing av bunadsølv – få svar på alt
Her har me samla alle tips og råd om pussing av bunadsølv.
Over tid vil sølv mista glansen og bli misfarga og matt på grunn av kontakt med forureiningar. Sølvet er på ingen måte øydelagt, og glansen det ein gong hadde vil du fint få tilbake, så godt som nytt. Gullsmedbutikkar i heile landet kan hjelpa deg med dette, men det er også mykje du sjølv kan gjera for å halda sølvet fint.
Visste du at...
Sølv vert misfarga på grunn av ei kjemisk reaksjon med ulike stoff i lufta? Det er særleg svovel, svovelforbindelsar og klor som står bak. Over tid dannar det seg eit mørkt belegg på overflata, kalla sølvsulfid.
Dette er ein naturleg prosess som ikkje kan unngåast. Me seier gjerne at sølvet «oksiderer» eller «anløper».
Kva farge har bunadsølvet ditt?
Overflatefargen på bunadsølvet er det fyrste du må vita for å finna ut korleis det bør behandlast.
- Kvitt/lyst bunadsølv: Klassisk, blank overflate som ein ofte forbind med sølv
- Oksidert bunadsølv: Blank overflate med mørke (oksiderte) parti
- Forgylt bunadsølv: Sølv belagt med tynt lag av 24 karat gull
- Gamalforgylt/antikkforgylt bunadsølv: Forgylt overflate med mørke (oksiderte parti)
Få svar på alt du lurar på om pussing av bunadsølv
Korleis vaska bunadsølv, uansett overflate?
Denne vasken kan trygt brukast på alle typar bunadsølv, uansett overflate. Også bunadsølv med krystall.
Størkna kake- og is-restar frå 17. mai-feiringa, fingermerke og anna smuss og feitt forsvinn kjapt om om du gjer dette.
Du treng:
- Glasskål eller plastbolle med 1 liter lunka vatn
- 1 ts salmiakk
- Nokre dråper oppvaskmiddel (f.eks. Zalo eller Sun)
- Mjuk kost
La sølvet ligga oppi blandinga i 10-15 minutt. Vask forsiktig med ein liten børste før du skyl grundig med reint vatn.

Tips: Unngå stålbolle og pass på at du brukar ein mjuk kost til å vaska med, slik at du unngår å laga riper på sølvet.
NB! Har du arva ei veldig gamal sølje som har blitt misfarga i løpet av mange år, og som ikkje har blitt reingjort i den seinare tid, er det lurt å ta den med til ein gullsmedbutikk som kan sjå nærmare på den. Der kan dei blant anna sjekka at den faktisk er laga i sølv, og kan gje deg råd om korleis den skal behandlast.

Korleis pussa oksidert sølv?
Oksidert bunadsølv har mørke parti inni krikar og krokar på mønsteret medan resten av sølvet er blankt.
Du er «heldig» dersom du har oksidert sølv. Det er nemleg meininga at det ikkje skal vera så blankt, og har dermed mindre behov for pussing.
Dersom dei blanke partia på sølja har mista glansen og blitt litt matt, er pussekluten løysinga.
Men – Det er uansett lurt å vaska oksidert bunadsølv med såpevatn og er spesielt nyttig når det er mykje smådelar, krikar og krokar som er vanskeleg å koma til med pusseklut.


Korleis pussa forgylt sølv?
Forgylt bunadsølv har gjennomgått ein prosess der eit tynt lag med 24 karat gull er lagt på.
Forgylt bunadsølv kan vaskast med denne blandinga dersom det har mista litt av glansen.
Pusseklut kan også nyttast, men ver forsiking: Ikkje puss for hardt slik at du pussar vekk forgyllinga. Fortvil ikkje om dette skulle skje med sølja di, det er nemleg mogleg å forgylla den på nytt. Ta den med til ein gullsmedbutikk så får du hjelp med dette.


Korleis pussa kvitt/lyst sølv
Kvitt sølv som ikkje har blitt pussa på ei stund, vil gulna og bli misfarga over tid. Puss med pusseklut og/eller vask det i såpevatn med denne blandinga.
Du kan også bruka silverdip som vil gjera sølvet blankt og fint i løpet av sekundar. Men sjølv eit slikt vedundermiddel har sine baksider og du bør vera forsiktig om du tek i bruk dette.


Korleis pussa gamalforgylt bunadsølv
Gamalforgylt eller antikkforgylt bunadsølv har forgylt overflate med mørke, oksiderte parti inni krikar og krokar på mønsteret. Dette samspelet skapar det vakre, antikke preget.
I likskap med oksidert bunadsølv, har ikkje gamalforgylt sølv like stort behov for pussing som t.d. kvitt/lyst sølv. Du kan forsiktig bruka pusseklut på dei blanke, forgylte partia, men ver forsiktig slik at du ikkje pussar vekk forgyllinga.
Det sikraste er å vaska gamalforgylt bunadsølv i såpevatn med denne blandinga.


Kan eg bruka sølvdypp/silverdip på bunadsølv?
Dette er ein sterk, flytande sølvrens der du dyppar sølvet oppi, og på berre nokre få sekundar får det glansen tilbake. Mange gullsmedar åtvarar likevel mot bruk på bunadsølv, fordi det er fort gjort å gjera feil. Mange let sølvet liggja for lenge oppi eller brukar middelet gjentatte gongar. Då risikerer du å sitja att med sølv som er meir grågult og matt enn blankt.
Silverdip kan i utgangspunktet brukast på alle typar sølv, særleg kvitt sølv. Ver ekstra forsiktig med oksiderte, forgylte eller gamalforgylte overflater. I verste fall kan du lysna heile sølvet og mista oksideringa eller forgyllinga. Om dette skjer, ta kontakt med ein gullsmed så får du hjelp med å få det fint igjen.
Les meir om bruk av silverdip her. Det er særs viktig at du skyl godt med reint vatn etter bruk av silverdip. Snakk gjerne med fagfolk i gullsmedbutikken som kan gje deg råd om bruk av flytande pussemiddel.
Kan eg bruka flytande sølvrens på søljer med steinar?
Ja, det kan du. Middelet tek vekk oksideringa på sølvet og skadar ikkje eventuelle steinar på sølja.

Kan eg bruka pusseklut på alle typar bunadsølv?
Ja, pussekluten kan brukast på alle typar sølv – oksidert, kvitt, forgylt og gamalforgylt, og kan fjerna mykje av misfarginga forårsaka av den naturlege oksideringa som oppstår. Pass på at du ikkje gnir for mykje eller for hardt på forgylt sølv, slik at du pussar vekk forgyllinga.
Pussekluten kan brukast fleire gongar og skal ikkje vaskast etter bruk. Oppbevar den gjerne i ein plastpose slik at den ikkje tek til seg anna forureining.

Korleis pussa sølvknappar på herrebunad?
Å pussa sølvknappar går som ein leik dersom du har pusseklut og eit pussebrett. Brettet trer du inn under knappen slik at du beskyttar stoffet på bunaden.
Pusseklut og pussebrett kan du finna her og i alle gullsmedbutikkar i heile landet.

Korleis pussa påsydde vestspenner/hekter på vesten?
Nokre bunader har vestspenner, maljer eller hekter som er sydd fast, og forståeleg nok er det kjedeleg å spretta dei av kvar gong dei skal pussast. Slapp av – du treng ikkje det!
Du treng ein god pusseklut og eventuelt eit tynt, stivt pappstykke som kan beskytta bunaden medan du pussar. Teikn eit omriss av spennet på pappstykket og klypp eller skjær rundt. På denne måten kan du pussa vestspenner og hekter utan å vera redd for å få svarte flekkar på bunaden.
Bruk gjerne q-tips på smådelar og detaljar som er vanskeleg å koma til med pussekluten.
Dersom du ikkje får dei påsydde delane fine med pussekluten, må du nok spretta dei opp og sørga for ein grundigare reins. Heldigvis er ikkje dette noko du må gjera kvart år dersom du held sølvet ved like med lett puss etter kvar gong du har brukt bunaden.

Korleis pussa sølvbelte til bunad?
Ver forsiktig med sjølve beltelista når du skal reingjera stølar og spenne slik at du ikkje får svarte flekkar på den. Dette gjeld spesielt stofflist der flekkar blir godt synlege.
Trikset her er å dekka til heile beltet med plastfolie. Dytt plastfolien inn under stølar og spenne, både på oppsida og undersida. Så er det berre å gå i gong med ein god pusseklut!
Om du berre skal pussa beltespennet kan du laga deg eit pussebrett som i praksis fungerer på same måte som pussebrettet til knappar. Finn eit tynt, stivt pappstykke som du klyppar deg innpå, og skjer så eit lite hol i midten. Pappstykket trer du inn mellom beltespennet og stofflista.
Dersom stølane treng ein omgang med vask må du demontera beltet. Det er enklare enn du trur. Alt du treng er ei lita spisstang som du brukar til å løysa opp snora på baksida med, slik at du kan ta av spenne og stølar. Her er oppskrift på såpevask.

Puss stølane på sølvbeltet med ein god pusseklut.

Når du skal montera beltet saman igjen etterpå, er det berre å tre ringane på stølane og spennet ned att i hola på beltet. Trekk snora gjennom ringane på baksida ved hjelp av spisstanga, og fest begge endane tilbake under kvar ring slik at dei ligg fint. Her er framgangsmåte på montering av beltestølar.

Korleis pussa veskelås
For å få veskelåsen blank og fin er det best å bruka pusseklut, men dersom det er behov for ein grundigare reingjering må den sprettast av lauslomma og syast på att etterpå.
LES OGSÅ: 6 tips for å halda bunadsveska fin over tid

Korleis oppbevara bunadsølv?
Det aller viktigaste å tenkja på når du skal pakka vekk bunadsølvet er å sørga for at det er klart til bruk. Det betyr at bunadsølvet bør vera reint og fint før du gøymer det vekk. I dei fleste tilfelle, dersom du gjer det regelmessig, er det nok å pussa lett over med ein pusseklut. Det beste er om du vaskar bunadsølvet med såpevatn.
Deretter bør du oppbevara det så mørkt og lufttett som mogleg, slik at det tar lenger tid før sølvet oksiderer. Det er viktig at bunadsølvet er heilt tørt før du pakkar det vekk.
Bruk gjerne lufttette ziplock-posar som er å få kjøpt i ulike storleik, og legg sølvet i kvar sine posar. Dette kan du også gjera med sølvbelte, dersom du har det.
Fastsydd bunadsølv: Oppbevarar du bunaden i bunadspose, er dette strengt tatt ikkje nødvendig: Du kan bruka plastfolie og pakka inn knappar, vestspenner, maljer og anna sølv som er sydd fast. På denne måten får sølvet mindre kontakt med forureiningar i lufta.
NB! Aldri bruk gummistrikk i nærleiken av bunadsølv. Det inneheld svovel og vil laga stygge, mørke flekkar på sølvet.
Her kan du lesa meir om korleis du best oppbevarer bunadsølv.

Kva kan eg gjera for å unngå oksidering?
Sidan oksidering er forårsaka av forureiningar som naturleg finst rundt oss i lufta, er det vanskeleg å unngå dette. Men – du kan gjera tiltak for å bremsa oksideringa:
Unngå at bunadsølvet kjem i kontakt med kjelder som kan føra til raskare oksidering. Det er bl.a. hudkrem, sminke og anna kosmetikk, handsåpe, klor, avispapir og gummi.


