Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Dette er dåpsgåvene som varer

Dette er dåpsgåvene som varer

Ei bunad- eller barnesølje er kanskje noko av det mest bærekraftige du kan gi som dåpsgåve eller til namnefesten. Her får du inspirasjon til flotte og unike gåver, både til jente og gut, slik at du ikkje treng å lure på kva du skal gi til dåpsbarnet. 

Anten du er tante, onkel, fadder eller besteforelder er ei barnesølje ei flott gåve å gi. Ei sølje varar i fleire generasjonar og kan ha ulike bruksområder livet gjennom. 

SJÅ OGSÅ: Vårt utval av barnesøljer

I barndomen er ofte barnesølja sjølve hovudsølja på bunaden eller finskjorta. Etter kvart vil sølja kanskje brukast som eit smykke i tillegg til anna bunadssølv. Det mest vanlege er gjerne å bruke den som halssølje seinare. 

Frå praktisk til symbolsk verdi
I Noreg er det lange tradisjonar for å gi søljer til barn. Før i tida blei draktsølv nytta til kvardagsbruk så vel som fest, og sølja kunne halde skjorta eller jakka saman. Søljene skulle også være vakre, dei hadde estetisk verdi i tillegg til den praktiske funksjonen. Dessutan var søljene ein økonomisk investering for framtida.

Quote icon
I Noreg er det lange tradisjonar for å gi søljer til barn. Før i tida blei draktsølv nytta til kvardagsbruk så vel som fest.

Etter kvart som folkekulturen på bygdene vart meir lik livet i byen, vart søljene i større grad knytt til fest og høgtider. Med endra bruksfunksjon vart det vanlegare å gi barnesøljer i gåve på dåpsdagen. No hadde søljene ei meir symbolsk verdi på kva som før hadde vore – som historie, tradisjon og arv. Dette har fortsatt til vår tid og det er fint å gi noko som symboliserar ei felles folkehistorie.

LES OGSÅ: Visste du dette om norsk bunadsølvtradisjon

Bunadsølv – ei bærekraftig gåve
I dag er ei bunadsølje eller ei barnesølje kanskje noko av det mest bærekraftige ein kan gi bort som dåpsgåve eller til namnefest. Den arvast gjerne frå mor til dotter eller frå far til son, eller frå besteforeldre til barnebarn. Etter kvart som ein blir eldre kan ein supplere med fleir forskjellige søljer. 

Sylvsmidja sine søljer har livstidsgaranti. Det vil seie at me forventar at våre produkt vil vare like lengje som eit menneskeliv – minst. Alle søljene er laga i Noreg av dyktige handverkarar, og i tillegg til nettbutikk har me forhandlarar over heile landet. 
 

Me lagar bunadsølv til 64 bunader og folkedrakter i heile Noreg, og hjå oss kan du velje mellom forgylt, oksidert eller kvit sølje. Søljene har ulike mønstre eller graveringer, alt etter kva du som fadder, besteforelder eller tante og onkel ønskjer å gi bort. Her kan du finne barnesøljer med hjarter, roser, palmettar eller trandeim, og vi har søljer som passat både til jente og gut.

LES OGSÅ: Fleire måtar å bruke bunadsølvet på
 

Ved å bli Sylvsmidja-ven samtykker du til å motta tips og marknadsføring via e-post og sms. Du kan når som helst melde deg av på sylvsmidja.no eller ved å kontakte oss.