Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Dette smykket gir bunaden eit løft

Dette smykket gir bunaden eit løft

Agnus Dei er eit praktfullt smykke som stadig fleire ynskjer å ha til bunaden.

Agnus Dei smykke til bunad - Sylvsmidja
F.v.: 554005 Offerdåse Nordmøre, 311507 Dalar, 337100 Agnus Dei Trøndelag

 

Agnus Dei er eit vakkert smykke med flotte detaljar. Kvinner med komplett bunadsølv ynskjer seg gjerne dette staselege smykket i tillegg.

Hengjesmykka kjenner me som Agnus Dei, offerdåse eller dalar, og kan brukast til dei aller fleste bunader. Fellestrekket er at dei, frå gamalt av, har eit rundt midtstykke, gjerne laga av ei sølje, ein medaljong eller pengemynt som var festa til ei lang kjede. Midtstykket har tre heng, og dette var ikkje tilfeldig. Talet tre var nemleg «magisk» og symboliserte den heilage treeininga.

 

Agnus Dei

Som med mykja anna bunadsølv, har også desse smykka ei religiøs tyding. Det latinske namnet Agnus Dei har katolsk opphav og tyder Guds lam, eit symbolsk bilete frå Johannes-evangeliet der døyparen Johannes omtalar Jesus som Guds lam.

 

Sjå utvalet av dalarar og Agnus Dei her.

 

På 800-talet begynte den katolske kyrkja i Roma å dela ut oblat til pilegrimane som kom rundt påsketider. Oblaten vart omtala som Agnus Dei og bestod av voks frå påskelysa i Peterskyrkja, blanda med balsam og vigsla olje. Desse oppbevarte pilegrimane i ein medaljong av edelt metall, og etterkvart var det sjølve medaljongen som vart kalla Agnus Dei.

Med tida vart også nemninga brukt på andre type medaljongar og store halssmykke med religiøse motiv.

 

 

Av Foto Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum - Norsk Folkemuseum: image no. NF.1999-3351, via digitaltmuseum.no., CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=33171230
Ein gamal Agnus Dei eller brudedalar med bilete av Guds lam og innskrift: Agnus Dei Quitollis Peccata Mundi (Guds lam som tar bort verdens synder).

Foto Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum - Norsk Folkemuseum: image no. NF.1999-3351, via digitaltmuseum.no., CC BY-SA 4.

 

Bruredalar, myntdalar og offerdåse

Etter reformasjonen i 1536 vart det meir og meir vanleg med hengjesmykke av dalarar eller myntar. Dei hang gjerne på såkalla panserkjede/breikjede, ei brei og flat kjede av små ringar som er fletta saman.

Rundt om i bygdene her til lands var dalaren ein del av det tradisjonelle draktsølvet til brura, difor vart den også kalla bruredalar. Ofte vart dei gjeve som festargåve (trulovingsgåve). Den skulle symbolisera overgangen frå ugift til gift og hadde dessutan ei kraft som skulle verna brura, svangerskapet, mor og barn mot farar og vonde makter.

Breikjeda finst i både kvitt og oksidert sølv, og sjølv om det er vanleg å bruka den saman med dalarar, er det også mange som brukar den åleine som smykke til bunaden. Dette ser ein til dømes på bunader frå Voss, Hardanger og Nordhordland.

Kven kan bruka desse smykka?

Bruredalaren eller myntdalaren var utbreidd i heile landet og passar til dei fleste bunader frå nord til sør.

På Vestlandet og i Trøndelag er det vanleg med filigrandekorerte Agnus Dei.

Nokre stader blir hengjesmykka framleis sett på som symbol på ei gift kvinne, men det er også mange som ynskjer å bruka desse praktfulle smykka, jamvel om dei ikkje er gifte.

Slik har det også blitt med stabbursnøkkelen, og spesielt sølvbeltet – drakttilbehør som opphavleg var forbeholdt gifte kvinner, men som i dag er eit vanleg syn blant konfirmantane også.  

 

LES OGSÅ: Så mange stølar skal du ha til sølvbeltet

LES OGSÅ: Kor skal stabbursnøkkelen henga

 

Myntdalar - Sylvsmidja
691100 Myntdalar i oksidert sølv. Dalaren er pryda med den dansk-norske kongen Christian VII sitt speilmonogram og teksten "D G Dan Norv Vand Goth Rex" som tyder "Av Guds nåde, danskers, nordmenns, vendernes og goternes konge".  På myntane står det "Frid IIII Dei Grat", Fredrik den store, kongen av Danmark og Norge, den fjerde i rekkja.

Offerdåse Romsdal - Sylvsmidja

På Vestlandet var myntane ofte bytta ut med vedheng i filigran. Nokre vart laga med oppbevaring til myntar for ofring i gudstenesta og vart kalla offerdåse. Desse var spesielt utbreidd i Møre og Romsdal og hadde ofte eit krusifiks nedst.

Quote icon
Agnus Dei er eit vakkert smykke med flotte detaljar, og kvinnene som alt har komplett sølv til bunaden, ønsker seg gjerne dette staselege smykket i tillegg.
— Kristin Myhre, Marknadssjef Sylvsmidja
Ingeborg Andresdatter Gulsvig som gifta seg i Flå i 1849, teikna av den norske målaren, Adolph Tidemand. Brura har tradisjonell brurekrune på hovudet og brudedalar på bringa.

Ingeborg Andresdatter Gulsvig som gifta seg i Flå i 1849, teikna av den norske målaren, Adolph Tidemand. Brura har tradisjonell brurekrune på hovudet og brudedalar på bringa.