
Komplett bunadsveske frå Sylvsmidja
Det finst fleire bunaddistrikt som ikkje har vesker som høyrer til bunaden. Er du ein av dei som har sakna bunadsveska? I så fall har me gode nyheiter!
Me tilbyr nemleg komplett bunadsveske med nydeleg veskelås og sølvpynt frå Sylvsmidja. Sølvpynten på veska kan og bestillast og syast på veska i fleire lokale systover rundt omkring i landet.
Det finst om lag 450 ulike bunader i landet, og dei aller fleste har opphaveleg ikkje tilhøyrande veske.
Til desse bunadene har me laga komplette bunadsvesker med veskelås og vakker, blenkjande sølvpynt. Motiva er inspirert av ulike søljer, spenner og bunader, slik at du kan finna akkurat den veska som passar best, og på den måten setja ditt personlege preg på bunaden.
Veskestoffet kjem frå Gudbrandsdalens Uldvarefabrikk, og kvar veske blir sydd hjå Sylvsmidja på Voss. Bunadsveska målar 25 cm i lengde og 19 cm i bredde og har god plass til mobil, sminke og andre småting du vil ha med deg.
Kva side skal bunadsveska henga?
Tradisjonelt skal bunadsveska henga på venstre side. Veskestølen er gjerne den 3. stølen frå midten, då heng veska slik at ho er lett tilgjengeleg.
Tips: Om du har litt ekstra rundt livet, kan vera lurt å flytta veskestølen eit par plassar til venstre, slik at veska heng på sida av stakken.
Ynskjer du også bunadskniv? Den heng du på motsett side. Her kan du lesa alt du treng om vita om bunadskniv til bunaden.
Aukande etterspurnad på bunadsvesker
Inspirasjon til bunadsveskene har Sylvsmidja mellom anna henta frå søljer i distrikt der det i dag ikkje finst bunadsvesker. Gullsmedane som har teke del i utviklinga av dei nye veskene, fortel at dei kan brukast både av dei som har sølvbelte frå før og av dei som ikkje har det.
Og det er ikkje berre hos Sylvsmidja ein ser at etterspurnaden på bunadsvesker aukar.
Også Linn-Marielle Aadnekvam som har systove på Voss og syr bunader til Hardanger og Voss året rundt, merkar dette.
– Me har alle mobiltelefonar, og den vil me jo ha med oss! Og då kan ein jo spørja seg om det tek seg betre ut med ei vanleg skinnveske eller eit nett, eller om det faktisk er fint med ei bunadsveske som står i stil med bunaden, seier ho.
Gullsmedane hos Sylvsmidja legg til at det ligg mykje arbeid bak kvar einaste veske. og det ikkje finst ein einaste snarveg for å koma til mål.
– Det finst ikkje noko snarveg for å koma i mål, og alt er laga av oss her på Voss, fortel Bente Elin Lidal, og legg til at sølvpynten til veskene også kan bestillast og syast på av fleire lokale systover rundt omkring i landet.
Bunadstradisjonane er ikkje statiske, men er under stadig utvikling.

Alternative lommer på bunaden
Linn-Marielle fortel at ho alltid syr lomme i stakken, eller dosset, som det heiter på Voss
– Men mange synest den blir for liten til alt ein ønsker å ha med seg når ein skal av stad i bunadsstasen.
På bringkluten er det også ei baklomme, men den er på mange måtar upraktisk når ein bøyer seg fram, og det er heller ikkje rare plassen ein har ved brystpartiet.
– Då er gjerne ei bunadsveske meir anvendeleg, smiler Linn-Marielle.