Konfirmasjonsgaver til jente

Å velje den rette konfirmasjonsgaven til ei jente kan vere utfordrande. For å hjelpe deg på veg har me samla nokre inspirerande gavetips.

Ved å velja bunadsølv frå Sylvsmidja, investerer du i ei gave som ikkje berre vil vara i årevis, men som også blir eit verdifullt minne for livet.

Personlege konfirmasjonsgaver med varig verdi

Pengar er kanskje ei fornuftig gåve, men dei blir ofte brukte på ting som ikkje varer. Ei personleg og varig gave kan bety langt meir – også i framtida.

Bruk heller tid, og legg omtanke bak konfirmasjonsgaven. Finn noko personleg som kan ha ei større betyding enn ein pengesum.

Her er tips til konfirmasjonsgaver til jenter frå foreldre, besteforeldre, tantar, onklar og fadrar som varer, og skapar minne for livet.

Les også: Tips og triks til konfirmasjonsførebuing

Ei personleg gave til konfirmanten betyr så mykje meir enn prislappen. 

Bunad

Mange jenter får bunaden i gave av foreldre eller besteforeldre til konfirmasjonen. Heile eller delar av bunaden er gjerne arva – og det er kanskje den gjævaste gaven ein kan få.

Komplett bunadsveske

Mange bunader har ikkje eiga tilhøyrande bunadsveske. Til desse har me laga komplette vesker med veskelås og vakker, blenkjande sølvpynt – inspirert av ulike søljer, spenner og bunadsdetaljar.

Ei bunadsveske er ei praktisk og fin gave til konfirmanten, med plass til mobil, sminke og andre småting ein vil ha med seg.

Sjå alle bunadsvesker her

Ei personleg gåve

Design ei sølje som symboliserer konfirmanten og deira tilhøyrsle. Ei unik gåve som følgjer dei gjennom livet og vert eit varig minne.

Design di eiga sølje her

Bunadsøredobber

Fine øredobber som passar til bunaden er ei populær gave til jente. Nokre er laga til ein spesifikk bunad, andre er meir allsidige og passar til fleire ulike bunader. Øredobbene er også fine å bruka til andre festlege anledningar.

Sjå heile utvalet av øredobbar her

Bunadsring

Sølvring er eit fint tilbehør til bunaden. Ringane er regulerbare, og har tradisjonelle utformingar som speglar seg i anna bunadsølv. Medan nokre av ringane er laga til ein spesifikk bunad, er det også eit stort utval som passar til fleire ulike bunader. Finn det som kan passa, og hugs at ringen kan vera fin å bruka sjølv om bunaden ikkje er på.

Sjå heile utvalet av bunadsringar her

Hårpynt

Hårpynt som tek utgangspunkt i bunadsølvet til dei ulike bunadene er ein favoritt blant konfirmantane. Lekre sølvspenner og hårstrikk pynter opp håret i ein fei. 

Utvalet av hårpynt finn du her

Beltestølar - Min første støl – namnestøl

Beltestølar til sølvbelte er fine å gje som samlegåve, slik at dei er komplette når konfirmanten ein gong vil skaffa seg eit sølvbelte til bunaden. Det vert ekstra personleg å gje ein «namnestøl» eller «Min første støl» som kan graverast med initialar eller dato.

Her finn du alle beltestølane

Komplett sølvbelte til bunad

Eit sølvbelte er ei gjev gåve som verkeleg løftar heilskapen på bunaden. Bestill komplett belte gjennom vår beltekalkulator. Her får du full oversikt over alle valmoglegheiter, kor mange beltestølar du treng og total pris på beltet.

Her kan du lage ditt eige sølvbelte

Klokke med lenkje

Ei klokke med kjede som kan festast i belte eller hengast rundt halsen som eit smykke er ei minnerik og varig gåve. For å gjera gåva meir personleg kan ein gravera initialar på loket.

Sjå alle klokkene og klokkekjedene her

Jakkeskjold/namneskilt

Namneskilt i sølv kan syast på innsida av bunad eller cape, og graverast med namn eller initialar. Ei personleg og varig gåve som gjer plagget heilt unikt.

17. mai-sløyfe

17. mai-sløyfer med sølvnål er tidlause og varige. Dei kan brukast igjen, år etter år, og er ei flott gåve å gje til ein konfirmant. Det er ulike motiv å velja mellom, både nasjonale og meir distriktsrelaterte motiv. Heile utvalet av 17. mai sløyfer finn du her.

Veit du forresten på kva side 17. mai sløyfa skal festast?

Englespenne

Ingenting passar betre enn ei nydeleg englespenne til konfirmanten! Det er ei borespenne til belte og har ein engel eller Jomfru Maria-figur på midten. På folkemunne er den difor også kjent som jomfruspenne, og vart frå gamalt av brukt av ugifte jenter.

Lurar du på kva bunad englespenna passar til?

Småsøljer

Småsøljer er ei vakker og symbolsk gave til konfirmanten – perfekt for å pynta opp jakker, bluser eller andre plagg. Fleire av småsøljene kan òg graverast for eit personleg preg.

Bunadsølvskrin

Riktig oppbevaring av bunadsølv er viktig. Etuiet har eit innlegg med antioksideringsmiddel som vil halda bunadsølvet blankt og fint. Det er romsleg og har rikeleg med plass til alt av bunadsølv, frå søljer til sølvbelte og bunadsveske. Ekstra personleg med namneskilt i sølv utanpå.