Konfirmasjon
Tips og inspirasjon til den store konfirmasjonsdagen
Her er alt samla på éin stad: Gode råd til konfirmasjonsplanlegginga, tips til hårfrisyrer, vask og stell av bunadsølv – og gavetips til konfirmanten.
Her finn du inspirasjon til:
Konfirmasjonsførebuing
Tips og råd for å ta vare på sølv og bunad
Bunadsfrisyre og hårtips
Gavetips til konfirmasjon
Skal du arrangera konfirmasjon?
Start planlegginga i god tid – då slepp du stress, og får betre tid til det som betyr mest. La konfirmanten vera med og fortelja korleis hen ønskjer å feira dagen.
Antrekk
Kva skal konfirmanten ha på seg? Mange konfirmantar får bunad til den store dagen, og jenter spesielt. Med bunad bør du starta prosessen i god tid, gjerne eitt år i førevegen. For gutane er det mest vanleg med dress.
Hugs også på antrekka til dei andre i familien (foreldre og søsken).
Ønskjeliste
Det er gjerne mange som ønskjer å gi ei fin gåve til konfirmasjon. Men kva som står på ønskelista kan variera mykje. Det er difor lurt å laga ei god oversikt.
Gjesteliste
Lag ei liste over gjestene de ynskjer å invitera til konfirmasjonen. Skriv og send ut invitasjonar 1–2 månader i førevegen. Kanskje du kan laga invitasjonane sjølv?
Talar og song
Tradisjonen tru er det vanleg med ein liten velkomsttale samt ein tale til konfirmanten av mor eller far. Alternativt, eller i tillegg, kan ein laga eit songhefte med bilete og songar til konfirmanten.
Foto & video
Ikkje gløym å ta konfirmasjonsbilete til takkekorta! Bestill time hos fotograf eller tenk ut på førehand kor du vil ta bileta dersom du vil ta dei sjølv.
Slik tar du vare på bunadsølvet
Før konfirmasjonen kan det vera lurt å gi bunadsølvet ein vask slik at sølvet blenkjer litt ekstra på den store dagen.
Me har laga ei kjapp oversikt om korleis pusse bunadsølv. Framgangsmåten gjeld om du har oksidert, kvitt, forgylt eller gamalforgylt bunadsølv.
- Fyll ein bolle med lunka va, nokre dråper zalo og salmiakk.
- La sølvet liggja oppi i ca 10-15 minuttar.
- Vask forsiktig med ein liten kost eller klut.
- Skyll med reint vatn og tørk med ein rein handduk.
For å ta best mogeleg vare på bunadsølvet bør det pussast etter bruk. Då får du vekk skit og smuss før du legg det vekk.

Hårpynt og frisyretips til konfirmasjon
Planlegg frisyren til konfirmasjonen i forkant. Med rett hårpynt og enkle grep får du ein frisyre som passar perfekt til bunaden.
Hårpynt som klemmer, strikk og spenner i sølv gjer det lett å laga flotte hårfrisyrar.
Bunadsfrisyre på 1-2-3
- Med hårstrikk i sølv kan du heilt enkelt laga bunadsfrisyren utan å ha frisørferdigheiter. Ei flette i håret er ein populær frisyre til bunaden. Bruk ein hårstrikk med sølvpynt til å feste fletta.
- Ein enkel hestehale blir ein festfin frisyre med hårstrikk i sølv.
Les også: 3 raske frisyrar til bunad



Hårpynt i sølv
Jenter i alle aldrar ynskjer å pynta håret med noko som er like staseleg som bunaden. Her finn du både hårspenner, hårstrikk og hårklyper i ekte sølv. Utvalet er stort, og du finn garantert noko som passar perfekt til bunaden.
P.S. Dei er også fine å bruka utan bunad. 😉
Gavetips til konfirmasjon
Å velje den rette konfirmasjonsgaven kan vera utfordrande. For å hjelpa deg på veg, har me samla nokre inspirerande gavetips til konfirmanten. Når du vel bunadsølv frå Sylvsmidja, investerer du i ei gave som ikkje berre varer i årevis, men som også blir eit verdifullt minne for livet. ❤️
Konfirmasjonsgaver til jente
Mange jenter får bunad til konfirmasjonen. Bunadsølv og tilbehøyr er populære gaver som konfirmanten kan ha gleda av heile livet. Sjå alle tipsa her.
- Hårpynt i sølv
- Bunadsring
- Øyrepynt til bunad
- Komplett bunadsveske
- Beltestølar
Usikker på kva bunadsølv som passar?
Noko litt meir personleg?
Då kan du designa ei sølje som symboliserer konfirmanten og deira tilhøyrsle. Dyktige handverkarar i Sylvsmidja gjer ho til verkelegheit.
Ditt design, dine val – ei tidlaus gåve til nokon du er glad i.
Konfirmasjonsgaver til gutt
Trenden viser at fleire og fleire menn skaffar seg bunad i vaksen alder. Då er det kjekt å ha komplett bunadsølv når den dagen kjem.
- Bunadsknappar
- Mansjettknappar
- Halsølje
- Lommeur
- Bunadskniv
Få enda fleire gavetips her: 8 konfirmasjonsgaver til gutt

17. mai-sløyfe
17. mai-sløyfer med ulike motiv i sølv er ei populær konfirmasjonsgave til både gutt og jente. Nokre av sølvpynten er inspirert av motiva frå bunader eller kjende landemerker. Slik kan du gje ei gave som symboliserer konfirmanten si tilhøyrsle.
2-i-1-sløyfer: Bruk heile sløyfa på 17. mai – og la sølvpynten skina åleine resten av året. Perfekt til dressjakka, eller som ein stilig detalj i kvardagen

La konfirmanten velja sjølv
Er du ikkje heilt sikker på kva du skal gje i gåve? Då kan du gje eit gåvekort frå Sylvsmidja, så kan konfirmanten få velja heilt sjølv – i heile vårt sortiment.
Bli Sylvsmidja-ven
MOTTA TIPS OG RÅD OM BUNADSØLV OG ANDRE SMYKKE