8 konfirmasjonsgaver til gut

Er du på jakt etter den perfekte konfirmasjonsgaven til gutt? Vel ei gave som ikkje berre markerer overgangen til vaksenlivet, men som også har varig verdi. Her har vi samla våre beste gavetips som garantert vil bli sett pris på og hugsa.

Varige konfirmasjonsgaver til gutt

Alle vil me vel gje ei konfirmasjonsgave som betyr noko. Sjølv om pengar ofte står høgt på ønskjelista til konfirmanten, så kan også vera fint å gje gaver som er både minneverdige og personlege.

Trenden viser at fleire og fleire menn skaffar seg bunad i vaksen alder. Då er det kjekt å ha komplett bunadsølv når den dagen kjem. I tillegg til å vera eit godt tips til konfirmasjonsgave, er det mykje som egnar seg godt som samlegaver til jul og bursdagar.

Les også: Tips og triks til konfirmasjonsførebuing

Bunadsknappar

Ei gåve til framtida – bunadsknappar er perfekt for konfirmanten som ein dag skal ha sin eigen bunad. Herrebunadene treng mange sølvknappar i ulike storleikar. Er du usikker på kor mange knappar herrebunaden treng? Her får du oversikt.

I tillegg til å vera eit godt tips til konfirmasjonsgave, er knappar ei perfekt samlegave til jul og bursdagar.

17. mai-sløyfe

17. mai-sløyfer med ulike motiv i sølv er ei populær konfirmasjonspresang til gutt. Kjekt å festa på bunadsjakka eller dressjakka og er ei tidlaus gave som kan brukast år etter år.

2-i-1-sløyfer: Bruk heile sløyfa på 17. mai – og la sølvpynten skina åleine resten av året. Perfekt til dressjakka, eller som ein stilig detalj i kvardagen.

Finn alle 17. mai-sløyfene her

Mansjettknappar og halssøljer

Mansjettknappar til bunad og tilhøyrande halssølje, halsring eller halsknapp er tidlause gaver som konfirmanten vil ha resten av livet.

Lurar du på kva mansjettknappar eller halssøljer som høyrer til bunaden? Vel bunad her så får du oversikt.

Bunadskniv

Bunadskniv er eit staseleg tilbehøyr og ei minnerik gave. Ønskjer du å setja eit personleg preg på gaven? Vel ein bunadskniv som har skinnslire med graveringsfelt. Her kan ein gravera namn, initialar eller dato. Sjå alle bunadsknivane her.

Usikker på kva bunadskniv som kan passa til konfirmanten? 
 

Lommeur med lenkje

Lommeur med lenkje er ei eksklusiv gave som umiddelbart gir dressen eller herrebunaden eit løft. Dei finst i både sølv, palladium og stål. Gravering av initialar eller dato er mogleg, og vil setja eit ekstra personleg preg på klokka.

Sjå alle lommeura her

Jakkeskjold/namneskilt

Ovalt jakkeskjold i sølv som kan syast på innsida av ei dressjakke, bunadsjakke eller ein frakk. Namn eller initialar kan graverast på slik at det ikkje er noko tvil om kven som eig jakka.

Herrebelte med sølvspenne

herrebelte med sølvspenne

Til bunadsbukser – Klassisk herrebelte i svart skinn med nydeleg spenne i oksidert sølv.

Skrin til bunadsølv

Praktisk oppbevaringsetui til bunadsølv. Etuiet har eit innlegg med antioksideringsmiddel som vil halda bunadsølvet blankt og fint.

Her har vi samla våre beste tips til konfirmasjonsgaver til jenter