Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Korleis feste bunadsølv

Korleis feste bunadsølv

Når du har fått på deg bunaden er det bunadsølvet som står for tur. Korleis skal alt sølvet eigentleg festast?

Det er ikkje berre berre å hoppa i bunaden. Skjorta skal strykast, så skal stakken og vesten på – utan å krølla skjorta. Kanskje har du også ei bringeduk, forkle og sjal i tillegg?

Når du har kome så langt og fått på deg alle bunadsdelane, er det det vakre bunadsølvet som skal på.

For å hjelpa deg med akkurat dette har me laga nokre små filmsnuttar som viser kva bunadsølv du treng til ulike bunader, og korleis du festar desse på.

Korleis feste bunadsølv på nordlandsbunad dame

Nordlandsbunaden har mang ein gong blitt kåra til Noregs vakraste bunad. Den vart lansert i 1928 og er i stor grad bygd på fri komposisjon. Broderiet med nellikblomar på bunaden har gamalt opphav frå mønster som vart funne i Vefsn.

Det vakre bunadsølvet til nordlandsbunaden tek utgangspunkt i dette broderiet. Her kan du ha kvitt/forgylt eller oksidert sølv.

På skjorta er det vanleg å bruka ei stor sølje øvst og ei mindre sølje nedst. I tillegg treng du mansjettknappar, vestspenner og veskelås, og gjerne sjalfeste og capespenne.

Sjå bunadsølv til nordlandsbunad

 

Korleis feste bunadsølv på trønderbunad dame

Trønderbunaden frå 1923 finst i både rødt, grønt og blått, og er inspirert av gamle rokokko-drakter frå området.

Av bunadsølv til trønderbunad treng du ei sølje i halsen: anten ei hjartesølje eller bursølje/ring. Du treng òg ei ringsølje i bringa, to par hekter til livet og mansjettknappar. Agnus Dei med filigran og kjede er også mykje brukt. Veskelåsen, ofte kalla Oldenlåsen, er anten i messing eller sølvplett.

Sjå bunadsølv til trønderbunad

LES OGSÅ: Agnus Dei – Dette smykket gir bunaden eit løft

 

Korleis feste bunadsølv på hardangerbunad dame

Hardangerbunaden er truleg den mest kjende bunaden i landet. Den vart brukt av kvinner over heile landet, og lenge vart den omtala som «nasjonalen»,  eit sterkt symbol under epoken med unionsoppløysinga mellom Noreg og Sverige.

Bunadsølvet til hardangerbunaden er i forgylt og kvitt sølv. Ansiktssølja i forgylt sølv er hovudsølja i bringa.

LES OGSÅ: Det skjulte ansiktet i sølja

Her er også halssølje, mansjettknappar og gjerne borenåler til å feste bringkluten med.

Sølvbelte med fangbelte og breikjede med dalar pimpar opp bunaden, og gifte kvinner bruker gjerne desse.

Beltekalkulator: Lag ditt eige sølvbelte

Sjå bunadsølv til hardangerbunad

Korleis feste bunadsølv på hardangerbunad herre

Hardanger herrebunad er basert på klesstilen frå midten av 1800-talet og består av skjorte, vest, jakke og knebukse eller langbukse.

Av bunadsølv til Hardanger herrebunad er det knappane som dominerer. Her må du ha knappar til både vest, jakke og bukse. Totalt er det vanleg med 40 store og 15 småe knappar, men talet kan variera.

Til skjorta treng du halssølje og mansjettknappar, og i tillegg må du ha spenner til vest og knebukse.

Sjå bunadsølv til hardangerbunad

 

Korleis feste bunadsølv på gudbrandsdalsbunad dame

Festbunaden frå Gudbrandsdalen finst i svart og blå, og er med sitt nydelege blomsterbroderi, ein særs populær bunad.

Bunadsølvet som høyrer til er ei halssølje; gjerne ei lita hjartesølje eller gudbrandsdalsknappen samt ei rosesølje på bringa. Du treng også mansjettknappar på skjorta, hekter til livet og veskelås. Sølvet kan vera kvitt/forgylt eller oksidert.

Mange brukar også sølvbelte for å gje bunaden eit løft. Her kan du laga ditt eige sølvbelte.

Sjå bunadsølv til gudbrandsdalsbunad

 

Korleis feste bunadsølv på beltestakk frå Telemark

Beltestakken er ei vidareføring av folkedraktskikken i Aust-Telemark, og er med sitt praktfulle breie belte i livet, ein av dei mest populære bunadene i landet.

Beltestakken har nydeleg bunadsølv i anten oksidert eller gamalforgylt sølv, eller ein kombinasjon av begge. Det er vanleg å ha ein halsring og/eller hornring, byggkornring eller bøheradsring, samt slangesølje og bolesølje.

I tillegg kjem mansjettknappar og 3-6 par maljer og spenner.

Sjå bunadsølv til beltestakken

 

Korleis feste bunadsølv på Øst-Telemark herrebunad

Den mest brukte herrebunaden i Aust-Telemark er den såkalla Gråtrøya, men det finst óg andre variantar.

Av bunadsølv til Aust-Telemark herrebunad treng du ein halsknapp, nål eller hornring øvst på skjorta. Du treng også mansjettknappar, 10-12 store knappar og 2-6 små knappar på trøya. Antal små knappar på vesten varierer frå 14-24. Buksa har 4-8 store knappar og 4-12 små knappar. Har du knebukse, treng du også eit par knespenner.

Sjå bunadsølv til Aust-Telemark

 

Korleis feste bunadsølv på vestfoldbunad dame

Vestfoldbunaden vart fyrste gong presentert i 1932 og seinare revidert i 1956.

Bunadsølvet til vestfoldbunaden består av ein halsring og ei til to søljer på skjorta. I tillegg må du ha beltespenne, mansjettknappar, veskelås, 4 par maljer og kjede med spyd.

Mange ønsker også å bruka sølvbelte som gir bunaden eit endå meir eksklusivt preg.

Beltekalkulator: Lag ditt eige sølvbelte

Sjå bunadsølv til vestfoldbunad

 

Korleis feste bunadsølv på østfoldbunad dame

Østfoldbunaden såg dagens lys i 1936 på initiativ frå Østfold Husflidslag. Damebunaden har grønt eller rustraudt snøreliv, svart stakk og kvit skjorte.

Bunadsølvet til østfoldbunaden består av ei nydeleg hjartesølje som er ei tru kopi av ei gamal sølje frå Rakkestad, maljer med kjede, hjarteforma beltespenne og sjalsnåler, samt veskelås.

Det finst også sølvbelte til østfoldbunaden, med hjarteforma beltestølar. Dei kan anten syast på stofflist eller festast på skinnlist.

Beltekalkulator: Lag ditt eige sølvbelte

Sjå bunadsølv til østfoldbunad