Livets nøklar: bunadsnøklar for nye kapittel
Nokre nøklar opnar dører, andre opnar minne.
Bunadsnøkkelen er eit slikt smykke: eit lite stykke sølv med røter i stabbursnøkkelen, og med symbolkraft for nye kapittel i livet.
No vidarefører Sylvsmidja tradisjonen med bunadsnøklar i fleire storleikar, slik at du kan finna ein nøkkel som kjennest rett for bunaden din, livet ditt og historia di.
Kven kan bruka bunadsnøkkel?
Bunadsnøkkel kan brukast av den som ynskjer eit tradisjonsrikt og symbolsterkt smykke til bunaden sin.
– Bruken av bunadsnøkkel har variert frå stad til stad. Difor er det ikkje alle som veit at den kan brukast til alle bunader og festdrakter, fortel Eldrid Eilertsen ved kundesenteret i Sylvsmidja.
Ein nøkkel til nye kapittel
Frå gamalt av var stabbursnøkkelen, også kalla husfruenøkkelen, knytt til stabburet på garden og råderetten husfrua hadde. Nøkkelen gav tilgang til viktige verdiar, og vart difor eit synleg symbol på status, ansvar og tillit.
I dag lever tradisjonen vidare i bunadsnøkkelen. Med røter i den same symbolikken kan han markera overgangen frå eitt kapittel til det neste.
For nokon kan bunadsnøkkelen vera knytt til ein ny start eller eit stort jubileum. For andre handlar den om arv eller eit ynskje om å bera tradisjonen vidare på sin eigen måte.

– Om du ynskjer å gje ei varig og personleg gåve, er nøkkelen eit fint val. Den knyter seg til ei spesiell hending, men får vera med vidare, lenge etter at dagen er over, seier Eldrid.
– Det kan vera eit fint minne frå dåp, konfirmasjon og 18-årsdag. Og ikkje minst, når ein giftar seg, får barn, eller andre kapittel i livet som ein vil minnast lenge, seier ho.
Slik fører me tradisjonen frå det gamle bondesamfunnet vidare, og lèt bunadsnøkkelen få sin plass i livet slik me lever i dag.
– Tradisjonar lever vidare når me brukar dei og tilpassar dei til tida me lever i, meiner Eldrid.
Korleis finna rett bunadsnøkkel?
Dei nye bunadsnøklane kjem i ulike fargeoverflater og storleikar, slik at fleire kan finna eit uttrykk som passar bunaden og sølvet dei har frå før.
Nokre av nøklane kan graverast med namn, dato eller initialar. Enkelte modellar har også ein krystall som du kan velja fargen på. Det gjer nøkkelen meir personleg.
Dei største nøklane har me kalla husfruenøklar, med røter i den historiske husfruerolla stabbursnøkkelen var knytt til.
– Er du usikker på kva nøkkel som kan passa til bunaden din, hjelper me deg med å finna den rette, forsikrar Eldrid.
Nøkkelen kan festast i sølvkjede frå beltet eller stakken, eller brukast som smykke rundt halsen. Kva som passar best, kjem an på bunaden, sølvet og uttrykket du ynskjer, og slik festar du bunadsnøkkelen på bunaden.
Nøkkelen til vaksenlivet
Verda vert vidare,
sjølvstendet veks og
eigne val tek form.
Min fyrste nøkkel
For livet som ventar
Dei første stega, dei første minna,
og kanskje ein dag den første bunaden.
Ei lita gåve som kan veksa med barnet. Nøkkelen passar godt til dåp, namnedag eller andre tidlege markeringar, og kjem med ei kjede slik at han kan brukast som smykke rundt halsen, før han ein dag får fylgja bunaden.
Sjå bunadsnøklane frå Sylvsmidja, og finn nøkkelen som passar bunaden, sølvet og historia di.