

Smykkekolleksjonen SPOR
Ein moderne smykkekolleksjon inspirert av naturens eigne spor - full av kontrastar, fargar og liv. Full av motstand og visdom. Og med tida gjer den oss vakker. Den set sine spor.
Bli kjent med Spor
Moderne smykke inspirert av norsk natur, designa av Anne Lise Tollefsen.
Spor-kolleksjonen består av fire unike seriar som du kan setja saman slik det passar deg. Frå det reine og sofistikerte til eit meir leikent uttrykk.
Sporkvinna
Me kvinner har røtene våre i naturen. Og med begge beina planta godt på bakken, set me også spor etter oss. På stiane me går. På reisene me tek i oss sjølve. I eventyra me delar med andre. Vegen kan til tider kjennast kronglete og lang. Men hugs: Kvart einaste steg gjev nye perspektiv og høve til å veksa.
Sporkvinna er naturleg vakker og balansert. Sterk og motstandsdyktig. Ho ber på kontrastar og erfaringar. Lag på lag av livet. Ho deler historier om det som har forma henne, og løftar fram det ho bryr seg om. Alltid engasjert. Alltid på veg. Alltid i vekst.
Ho set sine spor. ❤️
Bli Sylvsmidja-ven
Motta tips og råd om bunadsølv og
andre smykke.