16 julegaver som varer

Me går inn i ei høgtid med kos og hygge, og gaver skal gjevast til våre kjære. Me vil gjerne gje noko minneverdig og meiningsfylt. Noko ekte og personleg. Bruk- og kast- mentaliteten styrer me unna, og gir deg inspirasjon til 16 julegavetips som betyr noko - Til han og henne, til mamma og pappa, til kjærasten, barn og barnebarn.

Gavene passar også til andre spesielle anledningar. Kanskje du har ein konfirmant eller eit dåpsbarn i sikte? Bla nedover og få inspirasjon til konfirmasjonsgaver og dåpsgaver.

 


Inspirasjon og julegavetips til han og henne, til mamma og pappa, til kjærasten, barn og barnebarn.

1. Tid og gode gjerningar - Ja, kvifor ikkje? Gaver treng ikkje alltid vera noko ein kjøper. Gode gjerningar som husvask, snømoking eller barnepass blir satt pris på i hektiske kvardagar. Du gir av tida di og viser at du bryr deg. Lag eit fint gavekort eller klyppekort. Legg gjerne ved ein liten "symbolsk ting" som vaskeklut (gjerne heimestrikka) dersom du gir husvask, eller ei dekorativ snøkule som symboliserer snømokinga.

 

 2. 17. mai sløyfe - Ei skikkeleg 17. mai sløyfe i sølv kan brukast år etter år. For den som har alt er denne ei fin og kjær gave. Det finst også til barn, og kanskje mottakaren har ein hund som også treng ei fin sløyfe til 17. mai? Her kan du sjå utvalet med ulike motiv på sølvnåla.

17. mai sløyfe - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

3. Agnus Dei / Dalar – Gavetips til henne. Tradisjonelt smykke som vert brukt på fleire bunader. Eit gjævt smykke å få! Og du, smykket kan også brukast inntil noko anna enn berre bunaden.

Agnus Dei - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

4. Beltestølar til sølvbelte – Gavetips til henne. Beltestølar er fine å gje som samlegave til spesielle anledningar; frå dåp til bursdag og jul. Sølvbelte vert gjerne brukt av gifte kvinner, men mange får det allereie til konfirmasjon. Det vert ekstra personleg om du gir ein namnestøl eller min første støl som kan graverast med namn.

Beltestøl - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

6. Bunadskniv - Ein staseleg julegavetips til han. Bunadskniv i sølv med flott gravering blir ikkje gløymt med det første. Finst også bunadsknivar til dame.

Bunadskniv - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

7. Bunadsring - Ein vakker ring som passar til bunaden må vera den perfekte gåva til jenter som aldri får nok av fine smykke. Her kan du finna ulike bunadsringar.

Bunadsring - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

8. Bunadsølv til barn – Julegavetips til barn. Småsøljer til barn med bunad er vakre og varige. Med gravering vert gåva ekstra personleg. Kva med ei halssølje til ein liten gut? Bunadsølv til barn er også fint som dåpsgave.

Bunadsølv til barn - Sylvsmidja

 

 

9. Hårklyper til bunaden - Desse hårklypene er i sølv og passar perfekt til bunaden. Kan også brukast ved andre festlege anledningar, og er absolutt ei fin gave til små og store jenter. Her er inspirasjon til enkle hårfrisyrar med hårklypene.

 

Hårklype - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

10. Knappar og mansjettknappar - Bunadsknappar er fine som samlegaver. Kan også vera dåpsgave eller konfirmasjonsgave. Finn knappar og mansjettknappar som høyrer til bunaden her.

Bunadsknappar - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

11. Mitt første bunadsølv - Ein vakker «startpakke» til dei små. Set saman innhald etter eige ynskje, f.eks. halssølje, mansjettknappar og to knappar, eller halssølje, mansjettknappar og ein beltestøl. Mitt første bunadsølv er også ei fin dåpsgave.

Mitt første bunadsølv - Sylvsmidja

 

 

12. NamneskiltNamneskilt i sølv kan syast på innsida av bunaden. Få den gravert med namnet til mottakaren og du har ei varig og praktisk gave til både han og henne.

Navneskilt - bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

13. Smykke – Smykkegaver til jenter slår aldri feil, og gjerne eit som betyr noko. Om du har eit fint, gamalt smykke, kvifor ikkje gje den vidare til neste generasjon? Alternativt kan delar av smykket lagast om til eit nytt.

Sporsmykke frå Sylvsmidja

 

 

14. Stabbursnøkkel – Flott tilbehøyr til bunaden. Stabbursnøkkelen kan anten hengast rundt halsen eller festast til beltet på sida av stakken. Den symboliserte husfrua si status på garden. Berre ho fekk bera nøkkelen til stabburet, ingen andre skulle ha tilgang.

Stabbursnøkkel - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

15. Sølje – Ei blenkjande sølje som lever gjennom generasjonar, er ei vakker og varig gave til henne. Finn den rette sølja som passar til bunaden.

Sølje - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

16. Øyrepynt - Eit par øyrepynt som passar til akkurat den bunaden mottakaren har, er ei flott gavetips til henne. Vakre øredobber til bunaden finn du her.

Øredobber til bunad - Bunadsølv frå Sylvsmidja

 

 

Håpar du fekk litt inspirasjon. Og hugs – Det er ikkje alltid gavene i seg sjølve, eller kor mykje dei kostar som betyr noko. Den verkelege utfordringa er å finna andre måtar som viser kor mykje du bryr deg om personen…

Den største gleda du kan ha, er å gjøre andre glad.