Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Gåvene som får jula til å blenkja

Gåvene som får jula til å blenkja

I verkstaden vår vert berekraftige julegåver til. 

På Vangsvatnet på Voss har eit tynt lag av is lagt seg. Fjella rundt er dekte av dei fyrste ferske snøfjona. Ute i den kalde, klare morgonen kan ein skimta eit varmt ljos som strålar ut frå vindaugene i verkstaden. Inne jobbar flittige hender med årets blenkjande julegåver.

– Eg har alltid likt fine ting. 

Gullsmed Iris June Bø Nesje sit med ei bolesølje framfor seg. Med millimeterpresisjon styrer ho den blålilla flamma over sølja og loddar ihop dei ørsmå delane. Ho er ein av 15 gullsmedar og totalt 65 tilsette som jobbar på Sylvsmidja. 

At fascinasjonen for det som blenkjer starta tidleg, kjem tydeleg fram i eit bilete av henne som toåring. 

– Eg har på meg dongeribukse, kvit skjorte – og sølje, seier ho og ler.

Fascinasjonen for bunadsølv starta tidleg som toåring. (Bilde: Privat)

I tillegg til å visa at ho alltid har likt fine ting, er det eit anna viktig poeng: Søljer og bunadsølv treng ikkje berre bli brukt til bunad. 

Akkurat det er kollegaene Vibecke Bosåen og Ann Christin Mossefin på kundesenteret einig i. Kvar dag tek dei imot spørsmål som kjem inn. I løpet av åra har dei opparbeida seg god kunnskap om folkedrakt- og bunadsølv, og veit godt kva folk lurar på. 

– Mange spør kva slags sølv som passar til dei ulike bunadene, og om dei kan bruke ei sølje som dei har arva til den bunaden dei har, fortel Ann Christin.

– Og det kan dei. Bruk det arvesølvet du har. Det er ikkje så strengt som mange trur, forsikrar Vibecke.

 

Kva bunad har du?

Velg distrikt og finn rett bunadsølv her

SØLVDAMENE: Ann Christin Mossefin (t.v.) og Vibecke Bosåen (i midten) jobbar på kundesenteret. Sistnemnde har tidlegare arbeidd i verkstaden og set pris på å kunne opparbeide seg kunnskap frå forskjellige avdelingar i Sylvsmidja. Iris June Bø Nesje (t.h.) er gullsmed og har vore i verksemda i seks år.

 

Blenkjande julegåvetips

Julestjerna treng ikkje blenkja åleine denne jula. Med 2000 sølvprodukt til 64 ulike bunader og folkedrakter, er det mykje å velja mellom hos Sylvsmidja. Der finn du garantert ein sølvskatt som du kan gje – eller ynskja deg – til jul. 

– Det er aldri feil å gje sølv i gåve, seier Ann Christin og finn fram ei skattekiste med dei beste gåvetipsa frå verkstaden. 

– Noko so enkelt som å gje ein og ein sølvknapp til jul og bursdagar er ein god idé. Vips har du nok til ein heil bunad når det nærmar seg konfirmasjon. Då slepp ein den store kostnaden med å kjøpa alt sølvet på ein gong. Og ikkje minst veit du kva du kan gje i gåve i lang tid framover, og legg til: 

– Til born finst det søljer som du kan bygge på etter kvart som dei vert større.

Om du skal kle opp ein heil gjeng til 17. mai, blir det fort lita tid til mor og hår. Då er hårklyper og hårspenner eit godt tips.

– Du blir fort klar med litt fin hårpynt. Hårspenner i sølv er supre gåver, seier Vibecke, som sjølv går med ein av Sylvsmidja sine hårspenner året rundt.

Til herrane som enten har bunad eller drøymer om ein, kan det vera fint å gje tilbehøyr. 

– Det kan vera enten ein flott bunadskniv eller eit lommeur. Ura kan du få enten med batteri eller med eksklusivt opptrekkbart urverk frå sveitsiske Aerowatch, foreslår Ann Christin. 

Prikken over i-en set ein om ein graverer inn namnet til mottakaren på produktet. 

– Namneskiltet, hårspenna, klokkekjedet, urlokket, knivslira eller beltestølar kan enkelt graverast. I tillegg blir det ekstra stas å gje dette sølvet vidare til neste generasjon som dermed har eit minne om deg.

Berekraftig jul 

Kvar jul er det mange som sit att med ei kjensle av at vi lev i eit bruk og kast-samfunn. Kanskje har du både gitt – og fått – noko som er lite gjennomtenkt og endar nede i ei skuff, eller i verste fall rett i bosset. Dette er lite miljøvennleg. Men slik treng det ikkje vere, ifølge Vibecke:  

– Det er veldig godt å vite at ei sølvgåve er noko som varer. Sølv blir aldri utdatert, synk ikkje i verdi, og det er iallfall ikkje noko ein kastar. Ein vert berre meir og meir glad i sølvgåvene, fortel Vibecke.

 

LES OGSÅ: Tips til ein litt meir berekraftig jul

LES OGSÅ: 16 julegaver som varer

Quote icon
Dette er ikkje «made in China». Dette er «laga pao Voss»
— Gullsmed Iris June Bø Nesje

– Ein ekstra bonus er at alt bunadsølvet er ekte handverk. Det er veldig mykje arbeid og mange prosessar bak kvar del, og me gjer alt her på verkstaden. Dette er ikkje «made in China». Dette er «laga pao Voss»

Kun det ekte sølvet går i arv i generasjonar

Tek du godt vare på sølvet, pussar det opp når det trengs og oppbevarar det riktig, varer sølv evig. Men det hjelper også at sølvet har livstidsgaranti mot produksjonsfeil. Det har sølvet frå Sylvsmidja og slik er du garantert at sølvet kan gå i arv i generasjonar. 

– Me er stolte over den høge handverkskvaliteten på det me lagar her på Sylvsmidja. Her er du garantert å få det ekte og det rette sølvet som varar livet ut – og lenger, seier Iris. 

Ho legg vekt på at sølv ikkje berre er sølv, og tilrår alle å sjå etter ansvarsmerket. Sylvsmidja sitt er eit drikkehorn forma som ein “J” og er stempla bak på alle produkta. 

– Eit godt tips når du skal kjøpa bunadsølv er å samanlikna søljer frå fleire produsentar. Kjenn på tyngda, sjå på utføringa, spør kvar den er laga og kjøp sølvet ditt hos ein butikk du stolar på, fortel Iris, og avsluttar:

– Berre det beste bunadsølvet lever i generasjonar og går i arv. 

 

Tekst og foto: Brand Studio

Sylvsmidja ansvarsmerke

ANSVARSMERKET: Sylvsmidja sitt ansvarsmerke er eit drikkehorn forma som ein "J".