Tips til ein litt meir berekraftig jul

Å skapa og bygga tradisjonar er berekraftig. Her er fem tips til korleis julefeiringa kan bli litt snillare mot jordkloden vår.

Generelt blir me glade i gjenstandar som har vore ein del av livet vårt lenge og som har vore med på minnerike hendingar. Med ekte handverk som går i arv gjennom generasjonar kan me også bli meir miljøvenlege.

 

1. Bunaden – det klart mest berekraftige plagget vårt

For 200 år sidan var bunad det finaste me kunne ha på oss i kyrkja på julaftan. År etter år blei det staselegaste festplagget i skapet henta fram. Kan me framleis bruka bunaden i jula? Sjølvsagt! Ikkje minst for kalde desemberdagar er bunaden eit vakkert festplagg som varmar, og som er like flott kvart år. Forsking ved forbruksforskningsinstituttet SIFO ved Høgskolen i Oslo og Akershus viser at bunaden er eit av plagga med lengst levetid.

2. Gje beltestølar i julegåve

Sølvbelte til bunaden er ein dyr investering dersom me kjøper alle stølane samtidig. Kva med å gje beltestølar i julegåve? For kvart år vil beltet blir lengre og lengre. Til slutt har ein eit komplett bunadsbelte som kan leva vidare i generasjonar, og bli satt pris på år etter år.

 

LES OGSÅ: Så mange stølar skal du ha til sølvbeltet

 

3. Gje ein reparasjon i gåve

Å kjøpa og ta vare på ting som kan reparerast er berekraftig. Å ta seg tid til reparasjonar er derimot noko me sjeldan gjer. Kva med å tilby nokon å levera det dei allereie har til reparasjon? Bunadsølvet kan for eksempel leverast inn til gullsmedar. Ei fin julegåve mange vil setta pris på.

4. Oppbevaringsetui som held bunadsølvet blankt over tid

Ein snakkar gjerne om at sølv oksiderer og blir mørkt ved eksponering i luft. Det er ikkje heilt riktig. Rein luft eller oksygen fører ikkje til oksidering. Det er gassane i lufta som forårsakar denne reaksjonen over tid. Difor er det viktig å oppbevara sølvet så tett som mogleg. Gje vekk eit oppbevaringsetui til jul, så kan komande generasjonar få glede av sølvet. Det er berekraftig å ta vare på det ein eig.

 

LES OGSÅ: Korleis oppbevara bunadsølv

5. Bunadstilbehøyret me eigentleg ønsker oss

Bunadsølv gjev oss estetiske opplevingar med nydeleg dekor og rik historie. Det staselege tilbehøyret som løfter bunaden kan vera ei ekstra fin gåve til den som allereie har komplett bunadssett. Dei fleste likar særs godt offerdåsa, eller Agnus Dei, som det staselege hengjesmykket også vert kalla. Kva med å gje ein av desse ekstra spesielle gåvene til jul? Både offerdåse, stabbursnøkkel og bunadskniv løfter bunaden til både han og ho.

 

LES OGSÅ: Dette smykket gir bunaden eit løft