8 konfirmasjonsgaver til gut
Treng du konfirmasjonsgaver til gut? Her er tips til konfirmasjonsgaver som både er personlege og varige.
Alle vil me vel gje ei konfirmasjonsgåve som betyr noko no når tusenvis av 15- og 16- åringar rundt om i landet skal feira den store konfirmasjonsdagen.
Pengegåvene dominerer. Heilt klart. Men kanskje er det også den mest upersonlege gåva å gje? Sjølv om pengar står høgt på ynskjelista til konfirmanten så kan det også vera fint å gje berekraftige gåver som er både minneverdige og personlege.
Konfirmasjonsgaver til gut – berekraftige og minneverdige
Trenden viser at fleire og fleire menn skaffar seg bunad i vaksen alder. Då er det kjekt å ha komplett bunadsølv når den dagen kjem. I tillegg til å vere eit godt tips til konfirmasjonsgave, er det mykje som egnar seg godt som samlegåver til jul og bursdagar.
-
17. mai-sløyfe
17. mai-sløyfer med ulike motiv i sølv. Kjekt å festa på bunadsjakka eller dressjakka og er ei tidlaus og varig gåve som kan brukast år etter år.
Finn alle 17. mai-sløyfene her
-
Bunadsknappar
Herrebunadene treng mange sølvknappar i ulike storleik. Fine å gje som samlegåve, og om gave til konfirmant. Lurar du på kva knappar som høyrer til bunaden? Velg bunad her så får du oversikt. Usikker på kor mange knappar herrebunaden treng? Her får du oversikt. -
Mansjettknappar og halssøljer
Mansjettknappar til bunad og tilhøyrande halssølje, halsring eller halsknapp. Tidlause gåver som konfirmanten vil ha resten av livet, og kan arvast av neste generasjon.
Lurar du på kva mansjettknappar eller halssøljer som høyrer til bunaden? Velg bunad her så får du oversikt.
-
Bunadskniv
Bunadskniv er eit staseleg tilbehøyr. Nokre av knivane har skinnslire med graveringsfelt i sølv slik at ein kan setja eit personleg preg på den ved å gravera namn, initialar eller dato i gave til konfirmanten.
Sjå alle bunadsknivane her.
-
Lommeur med lenkje
Lommeur med lenkje er ei eksklusiv gåve som umiddelbart gir dressen eller herrebunaden eit løft. Det finst i både sølv og palladium. Gravering av initialar eller dato er mogleg, og vil setja eit ekstra personleg preg på klokka.
-
Jakkeskjold/namneskilt
Ovalt jakkeskjold i sølv som kan syast på innsida av ei dressjakke, bunadsjakke eller ein frakk. Namn eller initialar kan graverast på slik at det ikkje er noko tvil om kven som eig jakka.
-
Herrebelte med sølvspenne
Til bunadsbukser – Klassisk herrebelte i svart skinn med nydeleg spenne i oksidert sølv.
- Skrin til bunadsølv
Praktisk oppbevaringsetui til bunadsølv. Etuiet har eit innlegg med antioksideringsmiddel som vil halda bunadsølvet blankt og fint.
Her har vi samla våre beste tips til konfirmasjonsgaver til jenter.