Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
8 konfirmasjonsgaver til gutar

8 konfirmasjonsgaver til gutar

Tusenvis av 15- og 16- åringar rundt om i landet skal feirast når dei skal tre inn i dei vaksnes rekkjer. Har du gåva klar?

Pengegåvene dominerer. Heilt klart. Men kanskje er det også den mest upersonlege gåva å gje? Sjølv om pengar står høgt på ynskjelista til konfirmanten så kan det også vera fint å gje berekraftige gåver som er både minneverdige og personlege.

Her er tips til berekraftige og minneverdige konfirmasjonsgaver til gutar

Trenden viser at fleire og fleire menn skaffar seg bunad i vaksen alder. Då er det kjekt å ha komplett bunadsølv når den dagen kjem. Mykje egnar seg også som samlegåve til f.eks. jul og bursdagar.

 

Bunadsknappar

Herrebunadene treng mange sølvknappar i ulike storleik. Fine å gje som samlegåve.

Lurar du på kva knappar som høyrer til bunaden? Velg bunad her så får du oversikt.

Bunadsknappar frå Sylvsmidja

 

 

Mansjettknappar og halssøljer

Mansjettknappar til bunad og tilhøyrande halssølje, halsring eller halsknapp. Tidlause gåver som konfirmanten vil ha resten av livet, og kan arvast av neste generasjon.

Lurar du på kva mansjettknappar eller halssøljer som høyrer til bunaden? Velg bunad her så får du oversikt.

 

 

Bunadskniv

Bunadskniv er eit staseleg tilbehøyr. Nokre av knivane har skinnslire med graveringsfelt i sølv slik at ein kan setja eit personleg preg på den ved å gravera namn, initialar eller dato.

Sjå alle bunadsknivane her.

 

 

Lommeur med lenkje

Lommeur med lenkje er ei eksklusiv gåve som umiddelbart gir dressen eller herrebunaden eit løft. Det finst i både sølv og palladium. Gravering av initialar eller dato er mogleg, og vil setja eit ekstra personleg preg på klokka.

Lommeur til herre frå Sylvsmidja

 

 

 

Jakkeskjold/namneskilt

Ovalt jakkeskjold i sølv som kan syast på innsida av ei dressjakke, bunadsjakke eller ein frakk. Namn eller initialar kan graverast på slik at det ikkje er noko tvil om kven som eig jakka.

Jakkeskjold i sølv frå Sylvsmidja

 

 

 

17. mai-sløyfe

17. mai-sløyfer med ulike motiv i sølv. Kjekt å festa på bunadsjakka eller dressjakka og er ei tidlaus og varig gåve som kan brukast år etter år.

Finn alle 17. mai-sløyfene her

17. mai sløyfe sølv frå Sylvsmidja

 

 

Herrebelte med sølvspenne

Til bunadsbukser – Klassisk herrebelte i svart skinn med nydeleg spenne i oksidert sølv.

 

 

Skrin til bunadsølv

Praktisk oppbevaringsetui til bunadsølv. Etuiet har eit innlegg med antioksideringsmiddel som vil halda bunadsølvet blankt og fint.

 

 

LES OGSÅ: Konfirmasjonsgaver til jenter