Håndverk frå Voss - Norsk Bunadssølv
Tips: Morgongåve til henne

Tips: Morgongåve til henne

Kjære menn, legg litt sjel i å finna den perfekte gåva som både er minnerik og varig. Noko som gir affeksjonsverdi, også for generasjonane etter dykk. Men ikkje få panikk – her skal du få nokre gode gåvetips!

Truleg er opphavet med å skjenka brura ei morgongåve, dagen etter bryllaupet, frå tida då ektemannen måtte gje mundr til kona si. Verdien skulle sikra ho økonomisk dersom ho vart enke eller ektemannen skilde seg frå henne.

I dag er det den symbolske verdien som betyr noko. Gåver som kan bera vidare minnet om den store dagen og historia dykkar, til komande familiegenerasjonar.

Det er vanleg at også kvinna gir ei gåve til mannen.

 

6 tips til morgongåve:

 

1. Hengjesmykke/Offerdåse

For mange er hengjesmykke det gjævaste smykket til bunaden. Dei har namn som Agnus Dei, offerdåse, myntdalar eller brudedalar. Dei har ulike utformingar, men er bygd opp på same måte med ei kjede, eit stort midtstykke og tre mindre heng. Ofte vart smykket gitt som trulovingsgåve, og brukt som ein del av draktsølvet til brura. Dermed var det berre gifte kvinner som fekk bruka det, og framleis i dag er det mange som ser på smykket som eit symbol på at kvinna er gift.

Hengjesmykket kan brukast inntil dei fleste bunader, og myntdalaren spesielt er utbreidd over heile landet. Her finn du utvalet av hengjesmykka.

LES OGSÅ: Dette smykket gir bunaden eit løft

 

2. Hjartesølje

Som eit symbol på kjærleiken, var det vanleg å gje hjartesølje som kjærastegåve. Krafta i sølja vart sett på som lykkebringande, og skulle verna mot vonde makter.

Gamle hjartesøljer av ulike slag har vorte funne over heile landet, og desse er utgangspunktet for dagens hjartesøljer til fleire av bunadene i dag. Nokre av hjartesøljene kan også vera flotte å bruka utan bunad. Finn utvalet av hjartesøljene her.

LES OGSÅ: Kjært barn har mange namn

 

3. Sølvbelte

Sølvbelte er ei staseleg gåve å gje! Og med beltestøl som kan graverast med namn, initialar eller dato, blir gåva veldig personleg.

Tradisjonen tru var det berre gifte kvinner som kunne ha eit vakkert sølvbelte. Det var ein del av brurestasen, og på same måte som med hengjesmykket, symboliserte beltet overgangen frå ugift til gift. Ofte fylgde beltet med garden slik at det var den nye husfrua som flytta inn som skulle få bruka det.

Her kan du komponera saman eit sølvbelte

Komplett sølvbelte

Komplett sølvbelte

Beltestølar

Beltestølar

 

4. Kjærleiksring

Denne typen ringar kallar me kjærleiksringar. Dei har direkte opphav frå såkalla rasleringar frå 1700-talet, funne over heile landet. Slike ringar hadde små heng som «rasla».

Om du ser nøye på ringane så forstår du kvifor dei kan vera fine morgongåver. På den største ringen er det to duer og eit hjarte gjennombora av to piler, symbol for trufast kjærleik.

På den minste ringen er det eit lite hjarte i midten med to motståande duer som matar avkommet sitt.

LES OGSÅ: Ringen – evig truskap og kjærleik

 

5. Stabbursnøkkel med kjede

Kvifor gje ein stabbursnøkkel, tenkjer du? Vel, den er også kjent som husfruenøkkel og vert i dag brukt som eit nydeleg smykke på bunaden, tradisjonelt sett til gifte kvinner.

LES OGSÅ: Kor skal stabbursnøkkelen henga?

Å få overta husfruenøkkelen av mor eller svigermor i det gamle bondesamfunnet, var høgtideleg. Det innebar makt og status. Husfrua på garden hadde nemleg det øvste ansvaret for hushaldet, og var den som hadde tilgang til maten i stabburet.

Stabbursnøkkel / husfruenøkkel til bunad

Tilhøyrande nøkkelkjeder

6. Lommeur med kjede

Den runde forma til klokka – sirkelen - representerer æva. Den fullkomne totaliteten. Eit teikn på kjærleiken som skal vara evig. Meir romantisk kan det ikkje bli!

Klokka kan graverast med initialar for å gjera den meir personleg.