Heilnorske smykke frå Sylvsmidja
Me er stolte av bunadsølvet vårt. Det har me laga sidan 1940, og det skal me halda fram med.
Men handverket vårt stoppar ikkje der. I verkstaden på Voss vert det kvar dag forma smykke du kan bruka året rundt. Det kan vera til dagane som set spor, eller noko du tek på deg ein kvardag fordi det passar genseren, skjorta eller humøret. Andre gongar som ei gåve du gler deg til å gje.
Eit smykke treng ikkje vente på den store dagen.
Sylvsmidja lagar smykke som spenner frå mjuke naturformer til kraftfulle motiv med røter i norsk historie og tradisjon. Felles for alle er edelmetalla og handverket som ligg bak.
I verkstaden vår på Voss vert bunadsølv og moderne smykkekolleksjonar laga side om side.
Les meir om dei ulike smykkekolleksjonane og finn det som passar deg:
Spor smykkekolleksjon – små former frå naturen
Spor er norsk natur forma i sølv og gull. Ein knopp på ein stilk, ei bladform, lav på grein. Rytmen i havet og blomar som vender seg mot lyset.
Kolleksjonen er laga for deg som vil ha norske smykke med særpreg. Dei kan brukast åleine eller setjast saman på nye måtar, etter stil, sesong og anledning.
Spor er designa av Anne Lise Tollefsen og forma vidare av dei dyktige gullsmedane i Sylvsmidja. Resultatet er smykke med eit kunstnarisk uttrykk.
Sagastad - vikingsmykke med kraft i forma
Sagastad er røffare, mørkare og meir markant, med norrøne former og kraft i symbola. Kolleksjonen er laga i samarbeid med gullsmed Kathrine Berg og Sagastad Vikingsenter og har motiv inspirert av autentiske vikingfunn.
Vikingpreget er altså tydeleg, men smykka fungerer også for deg som berre er ute etter eit røft smykke.
Unite
I Unite er bindersen det berande motivet.
Liten, kvardagsleg og lett å kjenna att, men med sterk forankring i norsk motstandshistorie, som eit teikn på samhald, styrke og viljen til å halda saman.
Kolleksjonen er forma i ekte sølv som armband og sløyfe, designa av Hanna Høiness og Bjørn Bye.
Crossings – å setja segl mot det ukjende
Crossings er ei hyllest til eventyrlyst, fridom og nye byrjingar.
Kolleksjonen er inspirert av emigrantskipet Restauration og historia om dei som reiste frå Noreg for over 200 år sidan, med håp om ein ny start i Amerika. I dag handlar det framleis om noko mange kan kjenna seg att i: å finna fotfeste i det nye utan å sleppa taket i det ein kjem frå.
Frå bunadsølv til nye norske smykke
Norsk smykketradisjon blenkjer vidare i hendene som lagar og menneska som brukar.
Stadig nye former vert til her i Sylvsmidja. Me held fram med å gjera det me kan best, å laga smykke til kvardag og fest, til bunad og høgtid. ❤️
Blenkjande handverk sidan 1940

Sylvsmidja er tufta på lange handverkstradisjonar.